TRENGST: – Vi vil gjerne dele appen med andre, og det er somme som alt har snust på han, seier generalsekretær Erik Furnes. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Furnes fekk bruk for det gamle faget sitt

Då han byrja i ImF i 2008, ante neppe Erik Furnes at det skulle koma så direkte til nytte i jobben som indremisjonsleiar at han er utdanna dataingeniør.

Appen Meet316 er ein utmerka reiskap no i koronatida, men han var opprinneleg ikkje designa for å tackle smittevernproblema.

Indremisjonsforbundet (ImF) låg faktisk i framkant av koronakrisa, for Furnes var alt i ferd med å utvikla ein mobilapp til bruk på større arrangement då viruset slo til. Ved starten av året var han i permisjon, og dette var noko av det han planla å driva med i denne perioden.

– Det sto kanskje ikke noko om dette i stillingsbeskrivinga di då du byrja i jobben?

– Nei, men det var yrket mitt å utvikla programvare før eg byrja i ImF, seier Furnes til Kristelig Pressekontor.

Behov

Han fortel at det var bruk for ein konferanse-app, og at han såg fram til å jobbe med noko lystbetont som dette i ein fase då han gjekk ut i permisjon. Først hadde han ImF sin leiarkonferanse i tankane, men i mars måtte han lage noko som var tilpassa bibelcampen i Lyngdal viss den skulle bli noko av.

– Vi trengte eit hjelpemiddel til å reservera plassar på forskjellige møtepunkt og til måltider. På veg heim frå USA sveiv tankane mine om at krisa kunne bli langvarig, og det har vore arbeid med tilpasningar til bibelcampen, seier Furnes.

Appen skal, så langt han har høyrt, fungere godt, sjølv om det har vore ei innkøyringstid. Han ser for seg at han kan brukast i ImF-forsamlingar rundt om i landet også utover hausten dersom korona-tiltaka vert oppretthaldne.

Vil dele

– Er dette teknologi de i ImF vil dele med andre?

– Vi vil gjerne dele dette med andre, og det er somme som alt har snust på appen. Vi har også lagt til rette for at andre arrangørar kan nytte seg av han. 

– Kan ImF tjene penger på appen?

– Vi vonar å få dekt nokre utviklingskostnader, så ein liten pris vil vi nok ta for det, men appen er laga med tanke på misjonsorganisasjonar, og vi har ikkje tenkt å gjera oss rike på det. Det kan ikkje bli noko stor inntektskjelde, seier Furnes.

Generalsekretæren meiner det vart «eit dårlig forsøk på permisjon» for hans del sidan han har måtta bruke ein god del av tida si på å få Meet316 i drift. KPK

I en episode av podcasten Lydbåndet kan du høre Erik Furnes fortelle historien om appen.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.