Sambåndet

Lørdag 8. august 2020
RSS
GRASROT-TANK: – Det er ei føremon med folkefunding framfor rike onklar. Det gir trass alt eit meir solid byggverk, meiner utviklingsleiar Hermund Haaland i Skaperkraft. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Trur rike kristne har dårlig samvit

Då tankesmia Skaperkraft vart starta, trudde Hermund Haaland det skulle ta eit år å få 1000 støttepartnarar. Det tok nesten ti. Men det siste året har veksten vore formidabel.

Skrevet av Stein Gudvangen, Kristelig Pressekontor den 6. juli 2020.

Fakta

Tankesmien Skaperkraft

  • Skaperkraft er en norsk kristen tankesmie som har som formål å «stimulere til refleksjon, bidra til debatt og engasjere til aktiv samfunnsbygging.»
  • Den ble stiftet 27. april 2011 etter et initiativ våren 2010 av Espen Ottosen, Filip Rygg, Robert Erlandsen og Aud Kvalbein, med en gruppe på 70 personer bak seg.
  • Skaperkraft vektlegger individets egenverdi og samfunnets fellesansvar for utvikling av et bærekraftig og inkluderende fellesskap, inspirert av bibelske grunnverdier og klassisk kristen tenkning, blant annet uttrykt i Lausanne-bevegelsens Cape Town-erklæring.
  • Tankesmien publiserer artikler og bøker og arrangerer seminarer og debattmøter rundt temaer som tro og samfunn, økonomi og næringsliv, forvaltning og solidaritet, helse og livskvalitet, etikk og ressursfordeling med mer.

Finansieringen av virksomheten skjer i hovedsak gjennom bidrag fra enkeltpersoner, men også fra menigheter, organisasjoner og enkelte bedrifter.

– Kona seier eg er ein ekstrem optimist, og det er komisk at eg trudde det skulle ta berre eit år, seier ein sjølvironisk Haaland på oppløpssida fram mot tenketanken sin 10-årsdag.

 Ikkje desto mindre er det han som får mykje av æra for den store veksten Skaperkraft har hatt den seinare tida, ein type vekst som gjer tankesmia til ein tydeleg grasrotaktør.

– Enorm innsats

– Historia om Skaperkraft dreier seg blant anna om Hermund Haaland sin enorme innsats for å bygge dette stein på stein gjennom alle åra sidan 2011. Han har jobba utruleg hardt. Det er veldig imponerande, seier Filip Rygg som er dagleg leiar i stiftinga Skaperkraft.

 – Hermund er ein samfunns- og institusjonsbyggjar av rang med ein unik evne til å skape begeistring. Han preikar og held føredrag og har samlingar for gründarar og studentar. Han snakkar med folk som får eit sterkt tilhøve til han. Han er uvurderleg for oss, seier Rygg til Kristelig Pressekontor.

 Den daglege leiaren seier Skaperkraft har mange ambisjonar for dei komande åra, og at han er takknemleg for tankesmia sin jevne vekst, sjølv om veksten lenge har gått tregt.

 – Men det har vore ekstra stor vekst det siste året, seier Rygg og sender eit vink til potensielle partnarar om å bli med.

 1000 støttepartnarar

Om under eitt år kan den kristne tenketanken markere sitt 10-årsjubileum. 27. april neste år er sjølve fødselsdagen.

 – Då er det vel gildt at talet på støttepartnarar er firesifra?

 – Ja, det det er det. Og det har særleg auka det siste året, seier Haaland som er tankesmien sin utviklingsleiar.

Han legg vekt på at det nettopp heiter støttepartnarar og ikkje gjevarar.

– Det signaliserer at vi bygger noko saman, seier han.

I snitt gjev kvar partnar 200 kroner i månaden. Med 1000 partnarar gjev dette nesten to og ein halv million kroner i inntekter.

I januar 2019 hadde Skaperkraft 690 registrerte støttepartnarar. Halvanna år seinare har det akkurat bikka over 1000. På berre eit par månader – midt i koronatida – er det kome til nesten 100 nye partnarar.

Sine selgjarevner meiner Haaland han kan takke salsavdelinga i avisa Dagen for.

– Dei trente meg opp gjennom fleire år. På den måten vart eg kjent med kristen-Noreg i all si prakt. Eg visste etter kvart korleis ein skulle snakke både med blåskjorter i trusrørsla og dei med rutete skjorter i Misjonssambandet, seier han.

Få rike onklar

– Kven er dei tusen?

– Det er folk fra heile breidda av kristen-Noreg, men flest med lågkyrkjeleg bakgrunn. Vi skulle gjerne hatt ei endå større breidde av folk som høyrer heime ulik stader kyrkje- og yrkesmessig. Biskop Odd Bondevik sa i si tid at vi måtte sikte oss inn på midtsjiktet i norsk kristenliv, og vi har freista å styre etter det. Vi har også prøvd å få med Den norske kyrkja, men det har vist seg vanskeleg. Dei er så budsjettstyrte. Og det er lettast å plukke epler frå dei nederste greinene, seier Haaland.

Han forklarer at typisk lågthengande frukt er ei frikyrkjeforsamling som gjev 10.000 kroner i støtte i året. Det er gode pengar for ein liten tenketank.

– Vi har i dag 55 forsamlingar og organisasjonar som stør oss med ulike beløp, opplyser Haaland.

– Kva med rike onklar?

  – Vi har nokre få, men dei gir til saman under 50.000 kroner i året. Eg trur dette speglar to ting. Det eine er at dei ikkje har noko insentiv til å bidra. Det andre er at det er for få kristne kapitalistar. Dessutan tror eg rike kristne har dårleg samvit. Dei gir heller til sultne barn i Afrika enn til ei norsk kristen tankesmie.

– Er folkefunding kanskje mindre sårbart sidan de då ikkje merker så godt om ein støttepartnar forsvinn?

– Ja, det er ei føremon med folkefunding framfor rike onklar. Det gir trass alt eit meir solid byggverk. Vi kan gjerne bygge dette opp vidare og få 4000 einskildpersonar som støttepartnarar.

Låge inntekter

AUKER: – Det har vore ekstra stor vekst det siste året, seier dagleg leiar Filip Rygg i Skaperkraft som meiner mykje av veksten skuldast innsatsen til utviklingsleiar Hermund Haaland. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Filip Rygg ser visjonært for seg ein tenketank som i framtida skal vere ekspert på det offentlege ordskiftet på fleire område enn no.

– Vi treng fleire og større partnarar, og vi treng å få fram fleire unge leiarar som mellom anna vender seg til kyrkjelydar slik at vi kan bygge eit miljø rundt Skaperkraft, seier han.

Rygg fortel at kolleger i andre tankesmier knapt trur det dei høyrer når han fortel kor mange støttepartnarar Skaperkraft har på grasrota.

– Vi har inntekter på 3-4 millionar kroner i året, medan dei store tankesmiene har 15 millionar eller meir. Med fleire tenkarar har dei meir kraft enn oss til å arrangere møter og skrive bøker. Eg likar likevel å tru at det har ein vanvittig verdi at vi bygger sakte. Då blir vi nøydde til å tenkje kreativt og vere trufaste over tid, seier Rygg.

Han meiner mykje kan oppnåast i kristen-Noreg gjennom eit slikt tålmodig og langsiktig arbeid.

– Vi undervurderer kva vi kan få til på denne måten. Vi treng tiårsperspektivet, men også eit 100-årsperpsektiv for at det vi jobbar med skal ha verknad over lang tid.

Smått er godt

­Hvis suksessen for tankesmier kan målast i talet på publiseringar eller kor mange gonger dei har vore med i ulike medier, er Civita den store vinnaren i Noreg, viser ei oversikt Klassekampen publiserte for to år sidan.

Men grafane i avisa, som er basert på Retriever si medieovervaking, viser også at små tankesmier gjer det godt, i alle fall om ein ser på kor store økonomiske musklar dei har.

– Ut ifrå budsjetta sine er det Skaperkraft og Minotenk som gjer det best, og eg trur omverda i nokon grad oppfattar at vi set agenda, sjølv om vi ikkje er faste gjester i Dagsnytt 18, seier ein stadig like optimistisk Hermund Haaland. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Den avdøde evangelisten blir etter planen innlemma i National Statuary Hall i hovudstaden Washington DC neste år og erstattar då ein som blir oppfatta som forkjempar for kvit overherredømme.

Stefanusalliansens partnarar i Beirut ber om forbønn for alle som er ramma etter eksplosjonen i byen.

Lyriker Haldis Reigstad er tildelt Kongens fortjenstmedalje etter mangeårig forfatterskap. Utdelingen skjer på lørdag.

DEBATT Ein må ikkje seia farvel til eit konservativt kristent verdsbilete for å vera reflektert, Emil André Erstad.

På Reach The City lærer kristne å dela evangeliet med framande på gata i Oslo. Dette er ein type praktisk undervisning mange saknar i den lokale forsamlinga si.

Copyright © Sambåndet 2020