REPORTASJE: «Å sælaste stund utan like» er kalla ein reportasje frå påskemorgon. Forfattaren Johan Halmrast sleit med fleire misdanningar og døydde berre 46 år gammal. ILLUSTRASJON: Anders Færevåg, KPK

Han ga oss ein reportasje frå påskemorgon

I år er det 130 år sidan Johan Halmrast skreiv salmen «Å, sælaste stund utan like».

På ein hybel i Kristiania sat ein ung mann ved namn Johan Halmrast og sette ord på det andre sidan har tenkt var «ei Tabor-oppleving». Andre har kalla teksten han skreiv, «ein reportasje frå påskemorgon». Vi kjenner salmen som «Å, sælaste stund utan like».

Johan Halmrast vart fødd på Lillehammer i 1866 som son av ein høvesvis rik trelasthandlar. Han var nummer to i ein søskenflokk på fem, men i motsetnad til dei, var han svakelig frå fødselen av, liten av vekst og med fleire misdanningar. Pukkelrygg har vore nemnd; deformerte fingrar og eit hovud som var stort i høve til kroppen. «Nærast dverg», beskreiv Johan Falkberget han som, i den einaste augnevitneskildringa som finst av han.

Då Johan var 12 år, gjekk faren konkurs. Familien flytta til Kristiania, og den svakelige Johan, som fram til då hadde levd eit beskytta liv hos foreldra, måtte tidleg tenkja på å forsørgja seg sjølv. Noko fysisk arbeid kunne det ikkje bli snakk om, men han var både intelligent og kreativ, så han byrja å skriva. Han leverte små notisar, artiklar og anna stoff til blad og aviser og skapte seg eit levebrød på den måten.

Han lærte seg fleire språk ved sjølvstudium, omsette bøker og skreiv sine eigne ting. Mellom anna var han den første som omsette brørne Grimms eventyr frå tysk til norsk.

Hans eigne romanar var klassiske trivialitetsforteljingar, men alltid med ein bodskap som gjekk i retning av det kristne. I alt skal han ha skrive 30 romanar. Vi kjenner tittelen på om lag ein tredel av desse. Då han døydde, 46 år gammal, fann ein to sekker med upubliserte manuskript på det vesle loftsrommet der han budde. Dei vart brunne ulesne. Men helst ville han vera lyrikar og aller helst salmediktar. Kristentrua var alltid djupt og inderleg til stades hos han.

«Maria Magdalenas jubel»

Ingen veit kva som gav inspirasjon til teksten som skreiv Halmrast sitt namn inn i norsk salmehistorie. Sjølv kalla han teksten «Maria Magdalenas jubel», og hausten 1890 stod det første verset på trykk i bladet «Sangertidende». Året etter sto alle tre versa i ei songsamling som heitte «Noahs Due». Av dei 225 songane i denne samlinga hadde Halmrast skrive 14.

 «Dette er ingen nybegynnarsalme», skreiv Johan Falkberget i ein artikkel i forsamlingsbladet for Røros i 1936. Ting kan tyda på at Falkberget tok feil der. Johan Halmrast er det ein må kunna kalla ein «one hit wonder» i norsk salmehistorie. Ikkje noko av det han seinare skreiv av lyrikk eller salmar, kan måla seg mot denne.

Songen om Maria Magdalenas jubel kom òg inn i songbøkene til dei ulike kristne organisasjonane og frikyrkjer. Alt i 1895 hadde Det Norske Misjonsforbund tatt han med i songboka si «Evangelie Basun». I Frelsesarmeens songbøker har han vore med sidan 1900, og då Landstads Reviderte Salmebok kom ut i 1924, var teksten med òg der.

Ambisiøst prosjekt

MINNESTEIN: Graven til Johan Halmrast var lenge ukjend, men vart funne i forkant av 100-årsdagen hans i 1966. Kristne journalistar i Oslo-pressa kosta då på ein minnestein. FOTO: Nils-Petter Enstad, KPK

I oktober 1906 sende Halmrast eit brev til diverse kyrkjelege instansar med ein såkalla «subskribsjonsinnbyding» til eit nytt, ambisiøst prosjekt: Han ville skriva salmar til dei to nye tekstrekkene som Den norske kyrkja hadde tatt i bruk i 1886. Mange av dei mangla eigne salmar, så behovet var heilt opplagt til stades.

Dette hadde han ambisjonar om å møta: «Det er særlig i den sidste tid, mine tanker har vendt sig direkte mod religiøs diktning, og i særlig grad mod salmediktning, der nu forekommer mig at være den art af digtning, hvor jeg mest vil kunne gjøre fyldest for meg», skriv han.

Saman med innbydinga la han ved eit hefte med åtte salmetekstar. Desse tekstane finst framleis, mellom anna i biblioteket til MF Vitenskapelig Høyskole i Oslo. Men det må berre erkjennast: Dei held ikkje mål. Nokon av dei kan nok ha ein kime i seg til ein god salme, men meir er det heller ikkje.

Han fekk då heller ingen respons på innbydinga.

Dei siste åra hans vart tunge Han klarte ikkje å skriva like mykje som før, men venner i Frelsesarmeen skaffa han små korrekturoppdrag og sørgde for at han fekk mat i kroppen. I november 1912 døydde han av lungebetennelse. Då han vart gravlagd, var faren, broren og fire offiserar frå Frelsesarmeen dei einaste som møtte fram. Lenge var grava ukjend, og ein trudde ho var sletta, men i forkant av 100-årsdagen hans i 1966, klarte ein å leita den opp, og kristne journalistar i Oslo-pressa kosta på ein minnestein på grava. Den kan ein framleis sjå på Vestre gravlund i Oslo.

På steinen står det andre av dei tre versa i den reportasjen frå påskemorgon som han forma ut 22 år tidlegare. KPK

 

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.