SUNNMØRE: Hovudbygninga i bakgrunnen er under renovering, og i tillegg er planen å byggja hybehus. ILLUSTRASJON: Moldskred AS.

Byggjestopp på Sjøholt

SAKA ER UTVIDA Oppstarten av Sjøholt folkehøgskole på Sunnmøre blir utsett til hausten 2021.

(Kl. 08.50. Oppdatert kl. 11.34) Sjøholt folkehøgskole innfører mellombels byggjestopp for renoveringa av skulen. Skulebygningane vil difor ikkje vere klar til skulestart i august 2020, opplyser den ImF-eigde skulen i ei pressemelding fredag morgon.

Kunnskapsdepartementet har innvilga Sjøholt folkehøgskole utsett skulestart til august 2021.

– Styret for Sjøholt folkehøgskole seier seg lei for utsettinga av skulestart og beklagar ulempa dette har for alle samarbeidspartnarar. Styret beklagar også ovanfor elevar som ønskjer å gå på skulen, at det ikkje blir oppstart denne hausten, uttalar styret i pressemeldinga.

Målet for skulen er å styrke elevar fagleg og sosialt slik at dei er betre rusta for å kome seg igjennom den vidaregåande skulen.

Stram tidsramme

Odd Christian Stenerud kom inn som styreleiar for Sjøholt Folkehøgskole AS 1. desember i fjor.

– Eg konstaterte med ein gong at tidsrammen, med oppstart hausten 2020, var stram. Etter kvart fekk eg same signal frå fleire av dei aktørane me engasjerte. Då bestemte styret seg for å søkja Kunnskapsdepartementet om eitt års utsetjing av oppstarten. På toppen av dette kom så koronavirsuet, og då vart det heilt umogleg å tenkja seg oppstart til hausen, seier Stenerud til sambåndet.no.

Kunnskapsdepartementet gav tillating til utsett skulestart – og lovnad om at dei 4,2 millionar kronene som var løyvde til skulen på statsbudsjettet for 2020, ville fylgja med over i 2021.

Elev-grunnlag

– I styret er me fortvilte over at me ikkje kunne gje elevane det tilbodet me ønskte å gje dei frå hausten 2020, seier Stenerud.

Styreleiaren har ikkje det nøyaktige talet på kor mange elevar som har søkt om opptak.

– Det har vore ein del søkjarar, og seinast for eit par dagar sidan kom det inn søknadar. Me har skrive til alle og orientert dei om at det ikkje blir oppstart hausten 2020, seier Stenerud.

Skulen hadde lagt opp til løpande opptak og var førebudd på å ta opp elevar heilt fram til over sommarferien og dei første dagane etter oppstart av skulen.

– Me hadde vore nøgde med 20–30 elevar det første året, og det var oppnåeleg. Om skuleanlegget hadde vore klart, ville me ha starta opp til hausten, seier Stenerud.

Mange søkte på jobb

Som Sambåndet har meldt tidlegare, lyste skulen ut ei rekkje stillingar. Styreleiaren stadfestar at det ikkje er tilsett nokon.

– Det var mange gode søkjarar – fleire enn det som var naudsynt – og me har gjennomført nokre intervju. Det er folk som er veldig motivert og som brenn for å gå inn i konseptet som skulen har, seier Stenerud.

Rektor Lars Johan Klokk, som har vore i arbeid sidan hausten 2019, har framleis oppgåver og blir ståande i stillinga.

Mellombels

Som det går fram av pressemeldinga, er byggjestoppen mellombels. Styreleiaren kan ikkje seia noko no om når arbeidet vil starta opp igjen.

– Målet er å starte opp igjen i tide til at hovudbygg og hybelhus kan vera klart til skulestart hausten 2021, seier Stenerud.

Det har vore om lag 20 personar i arbeid med renoveringa av hovudbygget. Onsdag denne veka fekk dei beskjed om byggjestoppen.

– Det var full forståing for det hos alle saman, fortel Stenerud.

Omdømme

Styreleiaren kan òg opplysa om at renoveringa av hovudbygget så langt ligg omtrent i tråd med budsjettet.

– Det har vore mykje negativ mediemerksemd rundt skulen – knytta til verdidokumentet. Har det hatt noko å seia for avgjerda om mellombels byggjestopp og utsett skulestart?

– Byggjestoppen er grunna i det me har gjort greie for. Generelt kan me seia at medieomtalen har svekka omdømmet til skulen. Me vil arbeida med å byggja det opp att, seier Odd Christian Stenerud.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.