Sambåndet

Onsdag 8. april 2020
RSS
OSTERØY: Slik ser man for seg at et nybygg for Raknestunet kan se ut. ILLUSTRASJON: «mulighetsstudie - LINK arkitektur» «Illustrasjon - SVAL arkitektur»

Mykje pengar på kort tid til Raknestunet

Raknestunkveldar på bedehusa i kretsen og innsamlingsaksjon kor det er samla inn 16 millionar kroner, er foreløpig status for Raknestunprosjektet.

Skrevet av Brit Rønningen den 28. februar 2020.

‒ Vi har brukt mye ressursar. Både prosjektgruppa, krinsstyret, tilsette og andre frivillige har vært representert på alle Raknestunkveldene, seier krinsleiar Ole-Jørgen Storsæter i Nordhordland Indremisjon til Sambåndet.

Engasjement
I januar og februar har kretsen hatt Raknestunkvelder på forskjellige bedehus.

‒ Her har folk samlast frå bygdene for å høyre og samtale om Raknestunet og utbyggingsprosjektet. På kveldane har det vore mykje engasjement og positivitet, og det har kome mange gode innspel, korreksjonar og gode idéar både til Raknestunet og til innsamlinga, fortel Storsæter.

Vedtak

4. mai 2019 rapporterte Sambåndet om ei undersøking som viste at 80 prosent av dei som svarte, vil at Nordhordland Indremisjon skal prøve å realisere eit nybygg for Raknestunet. På fjorårets årsmøte vedtok Nordhordland Indremisjon å gå for prosjektgruppas dyraste anbefaling for utbygging av kretsens leirstad, Raknestunet, som inneber eit nybygg til 53 millionar kroner. Det andre alternativet er ei rehabilitering til 34 millionar kr.

Prosjektgruppa har lagt opp til ein trappetrinnmodell der innsamla beløp vil bli brukt til oppussing av Raknestunet om ein ikkje klarer å samle inn til nybygg.

Resultat
I august i fjor starta prosjektgruppa ein innsamlingsaksjon som skal vare fram til juni 2020.

Storsæter opplyser at dei til no har samla inn om lag 16,2 millionar kr. Av desse er 10 millionar vedtatt av årsmøtet, tatt av fond, 1,4 millionar er faste givaravtaler over 10 år, medan resten er innsamla eingongsgåver, eller lova gåver.

‒ Kva synest du om resultatet av innsamlinga så langt?

‒ Eg synest det er kjempebra. Det er sjeldan vi klarer å samle inn såpass mykje pengar på så kort tid.

Aksjonar
Elles har kretsen og prosjektgruppa laga ei nettside, mittraknestunet.com, og hatt aksjonar på Facebook kor folk kan kjøpe lodd til båtlotteriet som går til prosjektet, og gåvekort.

‒ Vi jobbar også inn mot bedrifter for å finne sponsorar. Så skal krinsstyret og prosjektgruppa arbeide vidare med å konkretisere prosjektet. Til kretsens årsmøte skal prosjektgruppa legge fram ein plan, og så skal årsmøtet bestemme kva alternativ ein går for, seier Ole-Jørgen Storsæter. 

Også publisert fredag: Ny episode av podcasten Lydbåndet frå ImF og Sambåndet. Tema er ImF-økonomien og Awana DNA-konferansen 

1 kommentar »

  • 1

    Jan Helge Lie

    04.03.2020, kl. 13:27

    Hei

    Flott med satsinga på Osterøy, men eg er skeptisk til bygg utan takutstikk i vårt fuktige klima.

    Ingen bordkledning vil i lengda unngå rote når den stadig vert våt og ikkje får tid til å tørka skikkeleg; dette gjeld særleg vegg på nordsida av bygg.

    Det bør gå an å bygga med moderne uttrykk («funkis-stil») og samstundes ha takutstikk! Minner om dei store vedlikehaldskostnadene på bibelskulen på Bildøy,
    så bygg smart og unngå store kostnader om nokre år!

    Men eg ynskjer sjølvsagt lykke til med med å fornya Raknestunet!

    mvh Jan Helge Lie
    (Elvabakkvegen 9, 5360 Kolltveit.
    97 98 58 88)

    Svar

Skriv en kommentar

(Korona) I viruskrisen er det mange som strømmer møter, og Fredheim Arena og NLA Høgskolen har tatt initiativ til å lage podcaster.

(Korona) Både ImF Sør sine gjenbruksbutikker og Bruktbutikken på Straume er stengt på ubestemt tid, og med det mister ImF Sør og Straume Forum en viktig inntekt.

(Korona) ImFs påskemøter er avlyst. I stedet arrangerer ImF Straume og P7 nettgudstjenester i påsken.

(Korona) Sju av ti kretser i indremisjonsfamilien har samlet sett permittert 61,5 prosent av sine 34 årsverk. 11 av 12 leirsteder i kretsenes eie har permittert 69,5 prosent av 26,5 årsverk.

(Korona) Indremisjonssamskipnaden er en av kretsene som har sett seg nødt til å permittere ansatte. Med avlyste arrangement og tapte inntekter går også leirplassene en utfordrende tid i møte.

Copyright © Sambåndet 2020