SJOKKERT: – Eg registrerer at det er nokre som kallar seg kristne, som ikkje er gode på å skille mellom terror utført i islam sitt navn og muslimar generelt. Der har vi ei stor utfordring, seier Stig Magne Heitmann. Foto: Privat.

– Leiarar må forkynne mot netthets frå kristne

Stig Magne Heitmann i Åpne Dører er djupt bekymra over kristne som han meiner spreier hets og rykte på nett. ­– Det gjer vondt å lese, seier han.

– Eg vert sjokkert og frykteleg lei meg av kva nokre kristne skriv. Mange tek så mykje lettare på å slenge ut grove karakteristikkar på nettet enn andlet til andlet, seier Stig Magne Heitmann til Kristelig Pressekontor.

Som tidligare fagleg leiar og no seniorrådgivar i trusfridomsorganisasjonen Åpne Dører deler han ofte innhald om forfylgde kristne og islam på Facebook-sida si. Nokre av kommentarane opplever han som så usaklege at dei er eit problem som han meiner kyrkjelydar lyt ta tak i.

– Kristen forkynning og undervising må vere aktuell. Det blir ofte personangrep i staden for debatt om det som er saka. Derfor må kristne leiarar terpe på dette med å omtale kvarandre på ein respektfull og god måte, sier Heitmann.

– Vondt å lese

Ifylgje Åpne Dører-rådgjevaren er det ofte kommentarar til innhald som handler om statsministeren eller om islam, som kjem ut av kontroll.

– Det kan vere nokre som deler eit innlegg eg har posta på ein seriøs måte, og så er det nokre vener som skriv så stygge karakteristikkar om einskildpersonar at det gjer vondt å lese. Det går ikkje på politikken, men på personen, påpeiker han og legg til:

– Eg registrerer at det er somme som kallar seg kristne, som ikkje er gode på å skilje mellom terror utført i islam sitt namn og muslimar generelt. Der har vi ei stor utfordring.

– Ekstreme omtaler

Heitmann får støtte av tidligare KrF-byråd Filip Rygg som no er leiar for Stiftinga Skaperkraft. Hans erfaring er at det i tillegg til islam, særlig er norsk presse, barnevern og klima som får det til å koke over for einskilde kristne.

– Eg er nok litt frustrert for tida, for eg tykkjer eg les konspirasjonsteoriar som er så ettertrykkeleg motbeviste at du lett kunne ha avslørt dei med eit enkelt Google-søk. Somme trur at alt som ikkje går deira veg, er ondskap og skuldast eit hemmeleg samarbeid, og kristne er ikkje noko betre på dette enn andre, sjølv om vi burde vere det, seier Rygg.

Han fortel om pastorar som har skulda barnevernet for å forfylgje kristne foreldre og hemmelege avtaler om å selgje Noreg til utlandet.

– Eg har lese ekstremt grusomme omtaler av statsministeren vår frå menneske som eg set svært høgt. Det har overraska meg kva kristne deler på internett, held den tidligare KrF-byråden i Bergen fram.

– Er ikkje det å kritisere «det politisk korrekte» i eit sekulært samfunn, ein del av det å vere lys og salt i verda?

– Å spreie rykte og hets har ikkje noko med å vere lys og salt å gjere, seier Rygg og held fram. – Eg er freista til å seie at vi som kristne har eit ekstra ansvar for å kjempe mot konspirasjonsteoriar, fordi sanninga er det vi trur på. Ikkje den relative sanninga, men den absolutte sanninga. 

Utfordrer kristenleiarar

– Har kristne leiarar svikta på dette området?

– Nei, eg likar heller å gjere ansvaret personleg. Dette handlar kun om oss sjølv og kva ansvar vi har som einskildmenneske. Det er fint viss vi snakkar om det i kyrkjelydane, men det er ikkje der ansvaret kan ligge.

Oppskrifta hans er heller å kvalitetssjekke innhold og invitere meiningsmotstandarar heim på kaffi.

– Då ser ein gjerne at den andre ikkje er så farleg likevel, seier han til KPK.

Stig Magne Heitmann ber derimot kyrkjelydane og organisasjonane om å ta meir ansvar.

– Eg trur kristne leiarar er merksame på det og opptekne av å lyfte det fram i forkynning og samtaler, men kanskje vi må bli endå tydelegare på at alle menneske er skapt i Guds bilete, også dei du les om på nettet og som du ikkje er einig med, seier Heitmann og utdjuper:

– Vi kan ikkje berre lyfte fram dei store fanesakene. Vi må lære å utvise Åndens frukt i alt vi gjer. Då tenkjer eg fyrst og fremst på kjærleiken. Vi må, også i ord, behandle andre slik vi vil at dei skal behandle oss.

VIKTIG: – Det er vårt ansvar som kristne leiarar å seie tydelig ifrå om netthets, seier generalsekretær Erhard Hermansen. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

– Vårt ansvar

Otten over kristne som spreier netthets og rykte, er stor også i Norges Kristne Råd. Generalsekretær Erhard Hermansen meiner problemet berre har auka i omfang.

– Eg vil seie at kristne leiarar til ein viss grad har vore med å løfte dette problemet fram, men omfanget er blitt større. Derfor blir det også viktig snakke endå meir om det framover.

Dialoggrupper, temasamlingar og forkynning er eksempel på korleis Hermansen meiner kristne leiarar kan leggje til rette for samtaler om dette vanskelege temaet.

– Det er vårt ansvar som kristne leiarar å seie tydeleg ifrå om måtar det ikkje er akseptabelt å omtale kvarandre på, og å vere med å lyfte opp korleis vi kan ha gode debattar.

Korleis lyt kristne leiarar reagere når dei ser andre kristne gå over streken i kommentarfelta?

– Snakk med dei. Eg trur ingen ville uttalt seg på same måte om dei sat andlet til andlet med personane dei omtaler, men bak tastaturet er det oftare fritt fram, seier Erhard Hermansen som ber alle kristne ta meir ansvar for god debattkultur på nett. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.