Sambåndet

Onsdag 8. april 2020
RSS
NEDGANG: Langt færre går på bibelskole denne vinteren enn forrige skoleår, trolig på grunn av en ny forskrift i voksenopplæringsloven. Foto: Ansgarskolen.

Bibelskular vil konkurrere med folkehøgskular

Norske bibelskular fekk generelt mange færre søkjarar i 2019 enn året før. No vil dei konkurrere med folkehøgskulane for å auke elevtalet.

Skrevet av Alice Tegle, Kristelig Pressekontor den 24. februar 2020.

OPTIMIST: – Eg trur bibelskulane har ei kjempeframtid viss vi klarer å gjere oss sjølve aktuelle, seier Thomas Vårlid som både leier informasjonskontoret for bibelskulane og er kommunikasjons- og rekrutteringsleiar ved Ansgarskolen. Foto: Ansgarskolen.

Ved informasjonskontoret for norske bibelskular trur dei den kraftige nedgangen i talet på bibelskuleelevar i fjor er mellombels. Samtidig blæs det opp til konkurranse om søkjarane.

– Framover blir det viktig å differensiere oss og vise skilnaden på bibelskular og kristne folkehøgskular, seier Thomas Vårlid.

Han leier informasjonskontoret og er kommunikasjons- og rekrutteringsleiar ved Ansgarskolen i Kristiansand. I tillegg til høgskuleutdanning har Ansgarskolen òg ein bibelskule.

– Vi trur bibelskular er mykje meir aktuelle for mange fleire enn for dei som sjølv tenkjer at det er aktuelt for dei, seier Vårlid til Kristelig Pressekontor.

Kraftig nedgang

Det er i dag 20 bibelskular som er offentleg godkjende og får tilskot etter vaksenopplæringslova. Til saman har desse skulane 877 elevar dette skuleåret. Førre skuleår hadde dei 981 elevar. Kvar fjerde av desse var frå utlandet. Nedgangen på 104 elevar vert omtalt som «kraftig» av Kristne Friskolers Forbund (KFF), som organiserer bibelskulane.

– Vi hadde nok frykta at nedgangen skulle bli endå større. I praksis har nokre bibelskular fått fleire norske elevar ved at ein har fått færre med internasjonal bakgrunn, seier Thomas Vårlid.

– Nedgangen kjem truleg av dei nye avgrensingane når det gjeld den delen av elevane som kan takast inn frå andre land, seier generalsekretær Jan-Erik Sundby i KFF.

Reduksjonen Sundby viser til, kjem av endringar i forskriftene i vaksenopplæringslova. Dei tredde i kraft for utdanningsåret 2019/2020. Bakgrunnen var at ein del bibelskular har hatt ein svært høg del utanlandske elevar frå land utanfor EU. Ein kan tru at mange av dei har gått på bibelskule for å få forlenga opphald i Noreg. Etter den nye forskrifta kan maksimalt 10 prosent av elevane til bibelskulane kome frå land utanfor EU.

Nedbemanner

Ved Filadelfia Bibelskole i Oslo har dagleg leiar Ruben Færøy Knudsen tatt fram sparekniven som fylgje av at talet på utanlandske elevar må ned.

– For bibelskulen har dette store konsekvensar, seier Knudsen.

Dette studieåret mista han ein av to internasjonale klassar. I tillegg må skulen redusere talet på utanlandske elevar for å kome ned på 10 prosent til hausten. Nyleg fekk bibelskulen avslag på søknaden sin om dispensasjon frå det nye regelverket.

– Viss det ikkje skjer noko i den norske marknaden, må vi skjere ned talet på tilsette og kutte driftskostnadane. Den prosessen har allereie byrja, seier Knudsen til KPK.

Optimistisk

Thomas Vårlid er likevel optimistisk både på Filadelfia og andre bibelskular sine vegner.

– Folk ser nok at dette er ei endring som er komen for å bli, og eg trur bibelskulane har ei kjempeframtid viss vi greier å gjere oss sjølve aktuelle. I staden for nedskjeringer satsar vi på å få ti prosent vekst av norske elevar, seier han.

Vårlid har fleire grep på lur for å snu nedgongen. Eitt av dei er å jobbe for at bibelskuleåret skal gje to studiepoeng, på line med eit folkehøgskuleår. Han trur òg bibelskulane har mykje å hente på å tilpasse seg den norske marknaden i større grad. Derfor er kristne folkehøgskuleelevar ei målgruppe i rekrutteringsarbeidet.

– På ein del kristne folkehøgskular er det veldig få kristne. Bibelskulane har ei meir misjonerande vektlegging og ei inspirerande bibelundervisning, i tillegg til det gode sosiale miljøet. Dét må vi snakke opp no, seier Vårlid.

Han lover tettare samarbeid med kristne organisasjonar og festivalar for å sikre eit bibelskuletilbod som ein kan oppleve som relevant for potensielle elevar.

Mange Fjellhaug-elevar

Medan søkninga til bibelskulane generelt gjekk mykje ned i 2019, har einskiilde skular ein klar auke. Ved Bibelskolen Fjellhaug i Oslo, eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband, starta det rekordmange elevar hausten 2018, medan det var ein liten nedgang dette skuleåret. Her vert det undervist på norsk, og dei har denne vinteren ingen elevar med ikkje-nordiske bakgrunn. I inntaksreglementet blir det stilt krav til norsk språkforståing. Bildøy bibelskule, eigd av ImF, hadde nesten 50 prosent auke frå 2018 til 2019.

– Vi har ikkje hatt veldig mange internasjonale studentar korkje før eller no, så for oss har forskriftsendringane hatt lite å bety, seier Fjellhaug-rektor Jørn Martinsen.

Løyndomen bak suksessen vil han ikkje seie noko sikkert om.

– Den direkte årsaka til det høge elevtalet er det vanskeleg å setje fingeren på. Men vi driv eit aktivt rekrutteringsarbeid, seier han. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

(Korona) I viruskrisen er det mange som strømmer møter, og Fredheim Arena og NLA Høgskolen har tatt initiativ til å lage podcaster.

(Korona) Både ImF Sør sine gjenbruksbutikker og Bruktbutikken på Straume er stengt på ubestemt tid, og med det mister ImF Sør og Straume Forum en viktig inntekt.

(Korona) ImFs påskemøter er avlyst. I stedet arrangerer ImF Straume og P7 nettgudstjenester i påsken.

(Korona) Sju av ti kretser i indremisjonsfamilien har samlet sett permittert 61,5 prosent av sine 34 årsverk. 11 av 12 leirsteder i kretsenes eie har permittert 69,5 prosent av 26,5 årsverk.

(Korona) Indremisjonssamskipnaden er en av kretsene som har sett seg nødt til å permittere ansatte. Med avlyste arrangement og tapte inntekter går også leirplassene en utfordrende tid i møte.

Copyright © Sambåndet 2020