SKULEDRIFT: Lokala som truleg kjem til å husa den nye, kristne ungdomsskulen på Voss, ligg i underkant av tre kilometer frå sentrum. FOTO: KNUT KVAMME

Ny ungdomsskule på Voss kjem truleg her

Voss herad krev omregulering av eigedommen som Egill Danielsen Stiftelse ynskjer å leiga til ny kristen ungdomsskule. Dermed blir det truleg ikkje oppstart før hausten 2021.

Det stadfestar dagleg leiar Asle Ystebø i Egill Danielsen Stiftelse (EDS) overfor sambåndet.no.

Lokalavisa Hordaland melder fredag på si nettside at det er dei tidlegare lokala til Bryn vidaregåande skule som er aktuelle for Danielsen ungdomsskole Voss. I Sambåndet nr. 2/20, som kom ut i førre veke, kunne ein lesa at skulen var godkjent av Utdanningsdirektoratet.

– Godt eigna. 

Eigaren av bygget er Brynaskogen 27 AS. Avisa Hordaland skriv at EDS er i dialog med selskapet om ein langsiktig leigeavtale. Dei har òg vore i samtalar med andre aktørar – inkludert ein som ynskjer samarbeid om eit nybygg – men det er altså Brynaskogen stiftinga har bestemt seg for å gå vidare med. Gamle Voss vidaregåande skule har tidlegare brukt desse lokala.

– Me trur bygget – med nokre justeringar og oppgraderingar – er godt eigna for å skapa eit godt skulemiljø for elevane våre. Bygget ligg ligg nært Voss sentrum, noko som har vore ein føresetnad for oss, seier Asle Ystebø til avisa.

Omregulering

sambåndet.no får opplyst at det er snakk om rundt tre kilometer frå sentrum. Dette kjem òg til å bli eit emne i omreguleringsarbeidet.

– I samband med oppstart av eit planarbeid vil me også innleiingsvis vurdera om etablering av ny ungdomsskule her er eigna og i tråd med overordna føringar om kvar slike funksjonar skal lokaliserast. I utgangspunktet meiner me at slike funksjonar bør vera i sentrum, seier Kjersti Næss Finne i planavdelinga i Voss herad til avisa. 

Området er i dag regulert til industriføremål etter ein plan frå 1983. Finne kan ikkje svara på kvifor det har vore skuledrift i bygget tidlegare utan at det har vore reist krav om omregulering.

– Uansett vert det stilt andre krav til godkjenning av ny arealbruk i dag, og vår vurdering er difor at ny regulering er naudsynt, seier Finne.

Minst eit år

Dagleg leiar Stig Øyvind Rio Kvame i Brynaskogen er veldig positiv med tanke på utleige til EDS og oppmodar heradet til ein kort prosess slik at skulen kan ta til allereie frå hausten av. Ifylgje Kjersti Næss Finne er det imidlertid slik at ein planprosess normalt tek rundt eitt år, «men kan også ta lenger tid, heilt avhengig av kompleksitet og merknadar som kjem inn». 

Forsamlingsleiar Knut Kvamme i Voss Indremisjon var med i oppstarten av arbeidet med å få kristen friskule til Voss. 

– Mange i lokalsamfunnet har vore positiv til dette, seier Kvamme til sambåndet.no.

Sjølv om han framleis vonar på oppstart i haust, meiner han det viktigaste er at oppstarten blir god. 

Mangfald

Positiv er også redaktøren for lokalavisa Hordaland, Geir Geitle.

«Me håpar politikarane i heradet vil leggja til rette for etableringa av den nye skulen, og sjå på han som ein positiv tilvekst for bygda. Danielsen-skulane har eit godt rykte, og høge elevtal andre stader vitnar om ei solid drift», skreiv han mellom anna i ein signert leiarartikkel 7. februar.

Geitle gjer eit poeng av at kommunalsjefen for oppvekst i Voss herad, som har bakgrunn som rektor ved Danielsen-skulen på Sotra, har uttalt at det for heradet sin del ikkje er behov for ein friskule på Voss. «Det kan så vera. Men for elevane og foreldra sin del kan det godt vera at det er behov for litt meir mangfald med ein friskule på Voss», avsluttar redaktøren leiarartikkelen.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.