LEIARDUO: Kjell Hauan, til venstre, er valt til nesformann i ImF-styret og skal leia forbundet saman med formann Gabriel Pollestad. FOTO: PETTER OLSEN

Kjell Hauan nestformann – i tråd med tradisjon

At ImF-styret har valt Kjell Hauan til nestformann er i tråd med det som har vore praksis dei ti siste åra. Tanken bak har ei endå lengre historie.

‘- «Det er ingen automatikk i det». Slik sa han det, dåverande generalsekretær Karl Johan Hallaråker, fortel Per Helleve til sambåndet.no. 

Det handlar om måten dei to fremste tillitsvalde i ImF, formann og nestformann i ImF-styret, blir valde på. Formannen blir direkte valt på generalforsamlinga (GF) etter framlegg frå valkomiteen.

Som hovudregel skal det vera to kanidatar til formannsvervet. I år var det Gabriel Pollestad og Kjell Hauan. Pollestad blei valt til formann på GF med 127 røyster, medan 67 stemde for Hauan. Då det nye styret konstituerte seg, 23. november, blei Hauan valt til nestformann.

Per Helleve

Kastar ein eit blikk på den nære historia, var ikkje dette uventa. Då noverande generalsekretær Erik Furnes blei valt til formann for styret første gong i 2003, var Per Helleve motkanidat. Helleve, som då var 61 år, stadfestar at han sjølv råda utsendingane til å stemma på Erik Furnes. Furnes – då 38 år gammal – blei valt med 208 røyster. Helleve fekk 43.

– Ein av dei andre styremedlemmene, Emil Krakeli, foreslo meg som nestformann, men det var eg lite lysten på. Eg gjorde sjølv framlegg om Jarle Blindheim, og han blei nestformann, seier Helleve.

Og det var altså i den samanhengene at Karl Johan Hallaråker kom med uttalen om at det ikkje var nokon automatikk i at tapande formannskandidat skulle bli nestformann i samband med konstitueringa av styret.

Knut Sørheim

På GF i 2005 stilte Knut Sørheim som motkandidat til Erik Furnes. Furnes blei attvalt med 159 av 178 røyster, men Sørheim blir ikkje nestformann når styret konstituerer seg. I staden er det Magne Havaas som får den oppgåva. 

Det var elles på denne generalforsamlinga, på Bildøy, det vart opna for at kvinner kunne veljast inn i forbundsstyret. Samstundes vart det oppretta eit hyrderåd til å handsama lærespørsmål. Det første hyrderådet var sett saman av tre styremedlemmer og generalsekretæren. Knut Sørheim blei i 2005 valt inn der saman med formann og nestformann i styret. I 2005 er han òg vara til bibelskulestyret og rykkjer opp til formann der i 2006.

– Slik eg hugsar det, var det desse to andre verva som gjorde at eg ikkje ynskte å vera nesformann då ImF-styret konstituerte seg i 2005, seier Knut Sørheim.

Men heng med i svingane. Ting skulle koma til å skje.

Til GF i 2007 var det berre ein formannskandidat, Erik Furnes. Havaas heldt fram som nestformann

– Eg meiner det var fordi styret gjorde vedtak om at når sitjande formann tok attval, var det ikkje naudsynt med motkandidat, seier Per Helleve.

Reidar Røyland

23. november 2008 kunne sambåndet.no melda at Erik Furnes skulle gå av som ImF-formann frå og med dagen etter. Grunnen var at det då var klart at Furnes kom til å overta som generalsekretær i august 2009. Nestformann Magne Havaas blei av styret utpeikt som ny formann og hadde vervet fram til ny GF sommaren 2009. Og no, frå november 2008, blir Knut Sørheim ein del av tradisjonen med at tapande formannskandidat blir nestformann.

Til GF i 2009 er det Sverre Dag Ljønes og Reidar Røyland som stiller som formannskanidatar. Ljønes, som sat i styret frå før, vart valt med 62 prosent av stemmene, medan Røyland fekk 38 prosent. Når styret konstituerer seg, blir Røyland nestformann.

i 2011 tek Ljønes attval som formann, og det er ingen motkandidat.. Røyland held fram som nestformann. I 2013 skjer det same, og det blir då òg vedteke at det skal vera tre år mellom kvart GF.

Gabriel Pollestad

I 2016 er det klart for ny formann. Odd Asbjørn Nybø får 95 røyster, medan motkandidaten, Gabriel Pollestad, får 85. Etter til saman ti år i styret kunne ikke Nybø attveljast i år, og duoen Pollestad/Hauan blir – som nemnd i starten – valt til formann og nestformann.

Så står det att å sjå om Kjell Hauan kjem til å fylgja i Gabriel Pollestad sine fotspor og gå frå nestformann til formann.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.