Sambåndet

Onsdag 13. november 2019
RSS
DIFFERENSIERING: - Me må til dømes få klarhet i om Krik vil skilja mellom ulike typar leiarar, seier generalsekretær Erik Furnes i ImF. FOTO: ImF MEDIA

Uroa over Krik, men ventar med konklusjon

Me må snakka saman og få meir informasjon før me kan konkludera om kva følgjer vedtaket i Krik får, seier generalsekretær Erik Furnes i ImF.

Skrevet av Petter Olsen den 28. august 2019.

– Signala uroar oss, men me kjem ikkje til å foregripa nokon konklusjon før me har sett oss ned og snakka saman om kva som ligg i vedtaket, seier Erik Furnes til sambåndet.no.

Som meldt tysdag har landsstyret i Kristen idrettskontakt (Krik) gjort vedtak i saka om kva syn organisasjonen skal ha på ekteskapet. I vedtaket heiter det at Krik skal «løfte opp ekteskapet mellom mann og kvinne som Guds gode ordning for samlivet. Med ein dissens uttaler styret òg dette: Samtidig respekterer vi at våre ledere kan ha et annet syn og praksis enn Krik i dette spørsmålet. Samlivsform skal derfor ikke være avgjørende for hvorvidt man kan være frivillig leder på Krik-leir.

Skilje

– Me må gå inn i kva Krik meiner, om det til dømes ligg noko differensiering i desse formuleringane, seier Furnes.

Med det meiner generalsekretæren om kor vidt opninga for ikkje å stilla krav til samlivsform blant leiarar, gjeld absoultt alle utan avgrensing knytta til formidling. Med andre ord korleis Krik definerer det å vera leiar, og om dei vil skilja mellom desse. 

– For fleire av skulanen våre er det to og i einskilde høve også tre organisasjonar som er eigarar, og difor vil eg ikkje gå ut og meine noko på vegner av alle før me får samsnakkast, seier Furnes.

– Og dei skulane ImF eig åleine?

– Eg må snakka med rektorane som det gjeld, om det. Vi kjem til å ta den tida vi treng. Det er ikkje nokon grunn til å forhasta seg og seia noko ein kanskje angrar på etterpå. Vi vil forbehalda oss retten til å bruke den naudsynte tid på saka.

Tilsette

– Vil de òg ta kontakt med Krik?

Ja, det er naturleg, for å få ei klargjering.

– Krik brukar uttrykket «frivillig leder på Krik-leir» i vedtaket, men opplever du likevel at dei definerer leiaromgrepet vidare enn det?

– Det blir spekulasjonar frå mi side. Men eg har lagt merke til den formuleringa. Då kan ein tenkje at i alle fall alle som er tilsette, er forplikta på formuleringa i spelereglane om ekteskapet.

Furnes peikar på at det kan gjerast vurderingar av heilskapen i om ein leiar er eigna.

Løfte opp

– Vedtaket seier at Krik skal «løfte opp ekteskapet mellom mann og kvinne som Guds gode ordning for samlivet». Samstundes aksepterer ein homofilt samlevande i ei leiarrolle. Korleis kan Krik i praksis løfte fram ekteskapet med dette vedtaket?

– Det må skje ved konkret undervisning, der ein naturleg nok i møte med ungdommar kjem inn på etiske spørsmål av ulik art. Det kan også vera samlingar av typen «grill ein kristen» eller Q and A (spørsmål og svar). Me veit frå eigne samanhengar at samlivsspørsmål veldig fort kjem opp når ungdommar spør kristne leiarar. Då står ein ved eit veikryss når det gjeld kva ein skal svarea. Både den som er ein bevisst kristen og foreldre som sender barna sine på leirar, bør ha ein trygghet med tanke på kva som blir formidla av verdier. Det er heilt opplagt, seier generalsekretær Erik Furnes i ImF.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

OPPDATERT Bibelskolestudenten som ble skadet i en badeulykke i Israel i forrige uke, omkom i ulykken.

Heller ikke på den ekstraordinære generalforsamlingen ble det flertall for ny styreform for foreningen guttogjente.no.

GF Å legge ned kretsene i sin nåværende form og erstatte dem med noen få nettverksbyggende sentra. Det var et av forslagene da generalforsamlingen i ImF diskuterte den store saken om framtidig organisasjonsstruktur.

GF ImF-styret fekk fullmakt frå generalforsamlinga til å slå ImF Trossamfunn saman med andre trussamfunn. Eit stort mindretal ville berre slå saman med NLM sitt trussamfunn.

OPPDATERT MED VARAMENN Gabriel Pollestad er ny formann i Indremisjonsforbundet. Fredag ble også resten av styret valgt.

GF Sambåndet har stilt formannskandidatene i ImF 11 spørsmål. Her kan du lese deres svar og dermed blir bedre kjent med dem.

Copyright © Sambåndet 2019