Sambåndet

Søndag 23. februar 2020
RSS

Den beste staden å ha det vondt

Vi må læra fattigdomen i vår tid å kjenna, skriv Sambåndet på leiarplass.

Skrevet av Sambåndet LEDER den 27. januar 2019.

«Vi vassar i naud, men nauden har eit anna uttrykk enn på 1800-talet», sa Runar Landro på Leiarkonferansen til ImF i november i fjor. Fredheim-pastoren snakka om å byggja sunne bibelske forsamlingar på bibelske prinsipp.

I temaseksjonen i årets første nummer set Sambåndet søkelys på diakoni gjennom det som vart delt på nettverket «Håp gjennom godhet» på leiarkonferansen. Ikkje minst får den svenske presten Carl-Erik Sahlberg god plass. Forsamlinga i Santa Clara-kyrkja sentralt i Stockholm mangedobla seg etter at Sahlberg kom dit, ein vekst som i stor grad var grunna i den aktive diakonale rolla som kyrkja kom til å spela i den svenske hovudstaden.

Det bibelske grunnlaget for diakoni finn vi mellom anna i Apg 6. Her står det at dei gresktalande jødane i den første kristne forsamlinga tok til å «klaga på dei hebraisktalande fordi deira eigne enkjer vart sette til sides ved den daglege hjelpetenesta». Dei tolv apostlane bestemte difor at forsamlinga skulle velja ut sju menn «som har godt ord på seg og er fylte av Ande og visdom». Desse skulle setjast inn i hjelpetenesta slik at apostlane kunne halda fram med «bøna og tenesta med Ordet». Begge deler høyrde med, men det vart ei arbeidsdeling.

Diakonirørsla i Norge sprang ut frå lekmannsrørsla, og ikkje minst historia til Bergens Indremisjon er eit døme på det

Diakonirørsla i Norge sprang ut frå lekmannsrørsla, og ikkje minst historia til Bergens Indremisjon er eit døme på det. «Bedehuset», sa Runar Landro, «må vera den beste staden å ha det vondt». Då ImF i 2013 gjorde vedtak om strategiplan fram mot 2020, såg ein føre seg mellom anna dette: «Ei rørsle av unge og eldre som saman veks og modnast som Jesu disiplar og misjonerer i Norge ved å dele evangeliet i ord og praktisk kvardagsdiakoni.» Ordet og ei hjelpande hand – hand i hand.

Det er talande å lesa fortsetjinga i Apg 6. Etter at Stefanus og seks andre menn var valde ut, står det at apostlane bad og la hendene på dei. «Guds ord breidde seg ut, og talet på læresveinar i Jerusalem auka sterkt», fortel Lukas. Same erfaring gjer altså kristne seg òg i dag.

«Dette er ein del av vårt andelege DNA som styrer utviklinga av kva vi skal bli», sa Runar Landro på leiarkonferansen – med basis i historia. «Dei fattige har de alltid hos dykk», sa Jesus. Vi må læra fattigdomen i vår tid å kjenna.  

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Voss herad krev omregulering av eigedommen som Egill Danielsen Stiftelse ynskjer å leiga til ny kristen ungdomsskule. Dermed blir det truleg ikkje oppstart før hausten 2021.

Dei nyaste songane frå Hilde Svela har bibelvers som tekst. Dei skal gjøre Bibelen øyrevenleg for store og små, og gjerne for gamle som slit med å hugse og snakke.

Egill Danielsen Stiftelse har fått godkjent søknad om å starte kristen ungdomsskole på Voss.

– Halvparten skal komme gjennom økning i Fast Givertjeneste (FGS) og resten gjennom ulike «stunt» i løpet av året, sier Kenneth Foss, arrangements og markedsansvarlig i ImF.

Elevene på KVS Lyngdal har gode forretningsideer og er gode til å markedsføre dem. Det blir det priser av.

Copyright © Sambåndet 2020