UTVEKSLING: Samtalen om arbeidet har vore ein viktig del av ein "vanleg" generalforsamling, som her i 2016 der Torgeir Skrunes har ordet. Neste år er målet at denne samtalen skal gå føre seg i forkant av generalforsamlinga. FOTO: ImF Media arkiv

Vil høyra lokale røyster

Medan NLM hadde gruppearbeid rundt 200 bord på generalforsamlinga (GF) i juli, inviterer ImF til lokale samtaler gjennom heile året fram mot nyskapt GF under leiarkonferansen i november 2019.

– Med dette får vi ikkje berre ei generalforsamling i 2019, men vi får eit «GF-år» som involverer alle delar av organisasjonen, seier generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet (ImF) til Sambåndet. ImF-styret gjekk samrøystes inn for dette etter ei grundig drøfting på møtet 21.–23. september.

Ikkje ny strategi.

Gruppearbeidet under Misjonssambandet si generalforsamling var starten på arbeidet med ny strategiplan for NLM. Strategiplanen til ImF gjeld i utgangspunktet fram til i alle fall 2020, men den er slitesterk til å gjelde fram til GF i 2022, så det er ikkje ny plan som står på agendaen for GF neste år.

– Strategi handlar om arbeidsområde, men den store samtalen i 2019 handlar om kva for organisasjon vi skal ha, og kva forsamlingane treng for å nå ut med bodskapen, presiserer Furnes.

Samspel.

Døme på spørsmål det er viktig å drøfta, er dette: Kva for nytte har forsamlingane i dag av det krets og forbund bidreg med? Korleis harmonerer tilbodet frå krets og forbund med det som forsamlingane opplever av gleder og sorger i det daglege? Har vi ein berekraftig ressurssituasjon som gjer at vi kan nå dei strategimåla vi har sett oss? Korleis opplever forsamlingane si eiga verksemd og samspelet med dei andre ledda i organisasjonen?

– Det handlar om å løfta blikket. Hovudoppgåva til ImF no slik eg opplever det, er å byggja fellesskap. Spørsmålet er korleis ImF tener den hensikta, poengterer Furnes.

Plan.

ImF-styret vart samde om ein konkret plan i seks ledd:

  • Seinast 1. januar 2019 sender ImF ut ein «pakke» til alle krinsar, forsamlingar og foreiningar der sentraleininga legg fram ein del tema ein ein ønskjer brei samtale om i 2019.
  • Lokale einingar vert sterkt oppmoda om å handsama dette i års-/medlemsmøte i januar– mars.
  • Krinsårsmøta drøftar desse signala i april–juni.
  • I kvar av dei fire vekene under Lyngdal bibelcamp skal det vera ein bibeltime der misjonsoppdraget til ImF vert sett i søkelyset. Det blir òg invitert til samtale om dei tema ImF alt har bede om tilbakemelding på. Medlemmer av ImF-styret og ImF-administrasjonen er til stades. Dette er meint å skapa ein arena for dei som har brukt å reise på «vanleg» GF om sommaren, men som ikkje tenkjer seg på leiarkonferansen.
  • Innspel og synspunkt vert samla og lagt fram for Rådsmøtet 21. september.
  • Tilrådinga frå Rådsmøtet vart lagt fram for generalforsamlinga til endeleg vedtak under leiarkonferansen i november. Her vert det forhandlingsmøte med alle naudsynte vedtak.

Einig.

– Eg har lufta dette med krinsleiarane og fått full tilslutning. Dei hadde stor tru på å løfta nedanfrå, seier Furnes til Sambåndet.

Generalsekretæren peikar på at det alt i Rådsmøtet i 2016 – då Leiarkonferansen var på planleggingsstadiet – kom opp ein tanke om å sjå konferanse og generalforsamling i samanheng. Også problemstillingar frå komiteen som har jobba med finansiering av arbeidet i ImF-familien, har talt for eit slikt opplegg som ImF no lanserer for neste år.

Fusjon.

– Med ujamne mellomrom kjem det opp spørsmål om fusjon med NLM. Trur du det vil verta ein del av denne samtalen i 2019?

– Samtalen vil òg kunne romma dette, men det er viktig at den ikkje startar der. Både strukturelle endringar i eigen organisasjon og tilhøve til andre organisasjonar må eventuelt stå fram som ein naturleg konsekvens av det som samtalen har ført fram til, strekar Erik Furnes under.

Den endelege «pakken» av kva for moment ImF vil invitera til drøfting om, vil styret gjera vedtak om i neste styremøte – i slutten av november.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.