Sambåndet

Mandag 14. juni 2021
RSS

Bygge slitesterk tru

Vi må fokusere på kva vi kan gjere for å bygge ei meir slitesterk tru hos våre unge, skriv Sambåndet på leiarplass.

Skrevet av Sambåndet LEDER den 2. september 2018.

Når vi ser på det totale arbeidet mellom barn, unge og vaksne i landet vårt, når vi framleis mange med forkynning og undervisning, og ein del får til dels mykje kristen påverknad. For eksempel vil ein elev ved ein av ungdomsskulane våre høyre 500-600 andakter i løpet av tre år. Også konfirmantarbeid og anna barne- og ungdomsarbeid er gode arenaar for systematisk og planmessig innføring i kristen tru.

Altfor mange tek meir eller mindre bevisst eit anna val enn å leve i etterfølging av Jesus Kristus

Likevel ser vi at altfor mange meir eller mindre bevisst tek eit anna val enn å leve i etterfølging av Jesus Kristus. Vi kan då søkje forklaring i tøffare åndsklima, eit meir sekulært samfunn, ein postmoderne kultur der det ikkje finst absolutte sanningar osb. Mange av desse faktorane er reelle, og det er avgrensa kva vi kan gjere med dei, men vi må fokusere på kva vi kan gjere for å bygge ei meir slitesterk tru hos våre unge.

Først og fremst må vi blankpusse formidling av eit frigjerande evangelium der menneske får kvile i det Gud har gjort, ikkje det vi skal gjere

Først og fremst må vi blankpusse formidling av eit frigjerande evangelium der menneske får kvile i det Gud har gjort, ikkje det vi skal gjere. Om vitnemåla frå dei unge har tyngdepunkt i eigne opplevingar og erfaringar, meir enn i kva Jesus har gjort og gjer for meg, kan det vere eit signal om ei kristendomsforståing som er sårbar når opplevingane stilnar av og prøvingar kjem. Vi vil her sterkt tilrå lesing av Geir Otto Holmås si ferske bok, «Ved ein korsvei», som gjev mykje sunn og dagsaktuell rettleiing i møte med usunne trendar i vår tid.

Dernest må vi ta på alvor den tøffe kritikken av klassisk kristen tru som unge menneske møter i skule, medium og vennegjeng. Barn og unge må oppleve at heimen og forsamlinga har arenaar for å stille vanskelege spørsmål og få ærlege svar tilbake. Dersom den nye generasjon berre skal arve våre haldningar og syn, utan å kunne underbygge dei, vil dei stille svakt når trua skal prøvast. Derfor har vi tru på Awana-modellen, der undervisning og den personlege samtalen kan kombinerast. Derfor lanserer vi også nye ressursar, ikkje minst den nye boka «Advokater», som skal vere ei hjelp for å bygge ei slitesterk tru.

Barn og unge må oppleve at heimen og forsamlinga har arenaar for å stille vanskelege spørsmål og få ærlege svar tilbake

Det er altså god hjelp å få, men du og eg må engasjere oss for å stille opp for dei som møter langt sterkare utfordringar enn for berre ganske få år tilbake.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Synodemøtet i Frikyrkja har gitt synodestyret i oppdrag å få på plass igjen eit papirmagasin med uavhengig redaktør.

– I dag har vi heist flagget, sier prosjektleder Odd Inge Austevoll.

ImF Midthordland gav kost og losji på leirstaden sin til nokre av dei som måtte evakuera på grunn av storbrannen på Sotra.

ImF har sett ned ei ad hoc-gruppe som skal sjå på korleis ImF sentralt og kretsane eventuelt kan bidra med innhald til TV12 Bedehuskanalen.

ImF og kretsene vil nå sende ut ansatte og ulønnede medarbeidere som normalt og ber også forsamlings- og foreningsstyrer om å forberede åpningsfester til høsten.

Copyright © Sambåndet 2021