Sambåndet

Torsdag 29. oktober 2020
RSS
På årsmøtet til Nordhordland Indremisjon i 2018

Når det beste slår feil

Kor lett det beste kan bli det godes verste fiende, fekk me minst to døme på under årsmøtet til Nordhordland Indremisjon i helga.

Skrevet av Petter Olsen KOMMENTAR den 4. juni 2018.

MELAND: Sitatet ovanfor frå filosofen Voltaire synte sin relevans på to måtar under forhandlingsmøtet på Nordhordland folkehøgskole på Frekhaug laurdag. Den første – og viktigaste – handla om korleis møtet var styrt. Det var sett av fem timar til forhandlingane, og ein skulle tru at det var nok. Likevel vart dirigent og avtroppande styremedlem Birger Hjellum sannspådd då han i starten kommenterte at «me har mykje me skal gjera, og lita tid å gjera det på».

Samtalen som aldri kom

I velkomsthelsinga i årsmeldinga kunne ein lesa: «Ikkje minst årsmøtesamtalen om vegen vidare i utfordrande tider er av stor interesse for mange bedehusfolk.» Men ikkje før klokka viste eit kvarter igjen til festmiddagen kl. 17.30, var årsmøtet komen fram til den viktige samtalen om arbeidet. Og dei to som fekk ordet i dette kvarteret, er til overmål begge tilsette i krinsen. Det høyrer med til historia at Arnvald Risøy, som er krinstyremedlem, bokstaveleg tala tok ordet trass i at dirigent Hjellum då alt hadde avslutta forhandlingsmøtet.

Dermed vart det smått med signal frå det høgaste organet i krinsen – årsmøtet – til krinsleiinga. I sine opningsord hadde då òg avtoppande krinsstyreformann Jostein Dale konkretisert noko av det som låg i ordvalet «utfordrande tider»: I seks år har den nordlegaste av de tre indremisjonskrinsane i Hordaland vore utan fast tilsett krinsleiar. Fleire av dei tilsette slit med sjukdom, og driftsrekneskapen går i minus. Det skulle altså vera nok å samtala om.  

Det beste som vart det godes verste fiende her, var at dirigentane let delegatane snakka så lenge dei ville under handsaminga av kvar av dei seks sakene som stod på kartet før det som skulle vore eit naturleg høgdepunkt. Når årsmøtet tydeleg òg er oppteken av formalitetar, går tida fort. Det var til dømes skriftleg røysting på mange av sakene, og delegatane brukte ein time på eit forslag om å setja av 50.000 kroner frå Nybrots- og evangeliseringsfondet til å senda tilsette og fritidsforkynnarar til Israel (nedstemt).

Fondsavsetjing

Det andre dømet er etter mitt syn nettopp det nemnde fondet. Nordhordland Indremisjon hadde ved årsskiftet nesten 15 millionar kroner «på bok», men med retningsliner om at pengane ikkje kan brukast til drift. Det blir fort ein farleg psykologi i slikt når ein dei siste åra har gått med underskot i millionklassen på drifta. Styret vedgjekk då òg at dei hadde overført pengar frå fondet til drift, vel vitande om at det var i strid med retningslinene. Styremedlem Kåre Gaulen gjekk så langt at han både bad årsmøtet om tilgjeving for at styret alt har overført om lag to millionar kroner frå fondet, og om tillating til å auka dette til mellom tre og fire millionar i år.

-Det er dei som seier at Nordhordaland Indremisjon har millionar på bok. Ja, me har det, men slik det er no, er det berre pengar som står i fondet, konstaterte Gaulen i anda etter Voltaire.

Signe Hjellvik aktualiserte òg orda etter den franske filosofen. Ho trudde ikkje at årsmøtet heilt hadde forstått kva dei i 2013 stemte for når det gjaldt bruken av fondet.

-Eg trur dei fleste av oss rekna med at pengane måtte brukast i arbeidet. Me er jo ein evangeliseringsorganisasjon. Pengar som er på fond, er ei svikefull sak. Plutselig skjer det noko i verda som gjer at dei ikkje er noe verdt. Me må nok få nye retningsliner for fondet, sa Hjellvik.

Om Herren vil

Forkynnar og tidlegare krinsleiar Asle Hetlebakke slo til med ein mild variant av «kva var det eg sa?» då han peika på at han heile tida hadde meint at ein burde kunne bruka pengar på fondet til drift. Om det var til noko stor trøyst for årsmøtet, veit eg ikkje, men rett trur eg at han har.

«Kva då når også dei pengane er brukte opp», vart det spurt frå salen. Som ein av delegatane repliserte – til spontan applaus frå årsmøtelyden: – Då lyt me lita på Herren! Om det er Hans vilje at me skal driva, trur eg me får det me treng!

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Mandag tar Steffen Røykenes igjen plass i rektorstolen ved den ImF-eide videregående skolen KVS Bygland.

Bedehuskirken har startet konkurransen Bibel Les for å få barn til å lese i Bibelen.

Generalsekretær Erik Furnes håper at lokale ledere vil samles lokalt til undervisning og samtale om misjonsarbeidet som en erstatning for ImFs avlyste Lederkonferanse.

Misjonseide NLA Høgskolen ønsker å starte økonomiutdanning i Kristiansand fra høsten 2021. På lengre sikt har høgskolen også mål om å tilby desentraliserte og nettbaserte utdanninger som er skreddersydd for landsdelen.

Silje Kausland er ansatt som Ung-leder i ImF-Ung Midthordland, og dermed kan kretsleder Ole Andreas Wastvedt konsentrere seg helt om kretslederoppgavene.

Copyright © Sambåndet 2020