Fullverdig einsleg liv

Guds skapartanke er at seksuelt samliv er knytt til ekteskapet mellom ei kvinne og ein mann. Vedtak i Den norske kyrkja endrar ikkje på dette, skriv Sambåndet på leiarplass.

I januar i år skreiv Sambåndet om kjønnsidentitet. Det vi ikkje skreiv noko om, var korleis det ein definerer seg som med tanke på kjønn, kjem til uttrykk i form av seksualitet. Grunnen var ei erkjenning av at dette ville krevja ei tilsvarande grundig utgreiing.

4. oktober skulle det ha vore eit seminar på Ørsta bedehus på Sunnmøre der førstelektor Bjørn Helge Sandvei ved MF var invitert for å snakka om «samkjønna samliv sett i lys av historia, kulturen og Bibelen». Målgruppa var leiarar og andre interesserte i forsamlingene i Ørsta og Volda, og intensjonen var å skaffa seg meir kunnskap om homofili. Då dette vart kjent via sosiale medium, skapte det sterk motstand. Reaksjonane førte til at seminaret vart avlyst.

Therese Utgård i Open folkekyrkje, Møre var ei av dei som reagerte. Utgård har mellom anna uttalt at «få, om noen, har ytret at skeive bør leve i sølibat». Det er dette valet Bjørn Helge Sandvei har tatt. Han ser på seg sjølv som homofil, men som kristen og ut frå Bibelen, er han imot likekjønna ekteskap og meiner det er rett for han å leva einsleg.

Sandvei står ikke åleine i synet om at menneske som identifiserer seg som homofile, til liks med heterofile einslege må leva utan seksuelt samliv

Reaksjonane på det planlagde seminaret i Ørsta har aktualisert temaet homofili, og Sambåndet tar i novembernummeret opp tråden frå januar. Me kan forsikra Therese Utgård og Open folkekyrkje om at Sandvei ikkje står åleine i synet om at menneske som identifiserer seg som homofile, til liks med heterofile einslege må leva utan seksuelt samliv. Sandvei har store deler av den kristne lekmannsrørsla med seg i dette. Frå Sambåndet vil vi understreke Guds skapartanke om at seksuelt samliv er knytt til ekteskapet mellom ei kvinne og ein mann. Vedtak i Den norske kyrkja endrar ikkje på dette.

Dei homofile sin interesseorganisasjon har endra kommunikasjonen sin

På temasidene i bladet spør vi mellom anna kva homofili er, og «født slik» eller «blitt slik» kjem naturleg inn. Inga forsking slår fast «fødd slik», og dei homofile sin interesseorganisasjon har endra kommunikasjonen sin om dette. Slik vi ser det, er det rett og godt å tilby samtaler og hjelp til menneske som sjølv opplever at dei har uønska homofile kjensler. Det må vera lov å «koma ut av skapet» som heterofil.

Det ein må halda fast ved, er at alle menneske er skapte i Guds bilete og har same menneskeverd. Å leva ut homofile kjensler seksuelt er ifølgje Bibelen ei synd på line med andre synder, og synd må ein kristen ta eit oppgjer med.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.