Sambåndet

Søndag 23. februar 2020
RSS
DIGITALISERER: Teknisk driftssekretær Kjetil Hærås (på bildet)) og kommunikasjonsrådgiver Frank Tangen i Kabb vil tilby digitale filer av opptak på gamle spolebånd. FOTO Kabb

Opnar forkynnar-arkiv

Talar av dei mest kjende forkynnarane i Norge dei siste 50 åra blir no gjort tilgjengelege for alle.

Skrevet av Kristelig Pressekontor den 14. september 2017.

I over 50 år har Kristent arbeid blant blinde og svaksynte (Kabb) produsert kristeleg innhald på lyd for synshemma.

– Arkivet til Kabb er eit skattkammer, seier Frank Tangen, kommunikasjonsrådgjevar i Kabb, i ei pressemelding.

Blinde medlemmar av Kabb starta på 1950-talet ein lydbandsirkel med opptak av kristne møte som sirkulerte mellom medlemmane. For mange var dette den einaste opplevinga dei hadde av å delta i kristeleg forsamlings- og organisasjonsarbeid.

– Alle dei mest kjende forkynnarane i Norge gjennom eit halvt hundreår er å finna på våre lydband. Først var dissa opptaka berre for synshemma, seinare har dei fått støva ned. No skal alle interesserte få tilgjenge til dei, fortel Tangen.

Podkaster på nett
Kabb har lansert nye nettsider, der ei rekkje lydopptak ligg som podkaster. Eldre opptak med kjende forkynnarar er kalla «KABB Gull».

– Vi skal leggja ut nye lydfiler med jamne mellomrom. Her kan mange få eit gjenhøyr med kristne personlegdomar som har betydd mykje for dei, og nye generasjonar kan bli kjende med desse forkynnarane, seier Tangen.

Edin Løvås. Foto: Yelsent/Wikimedia Commons

Frang Mangs. Kilde: Wikimedia Commons

Førebels er det lagt ut intervju og talar med mellom andre Edin Løvås (1920-2014), Gordon Johnsen (1905-1983) og Frank Mangs (1897-1994) og Einar Lundby (1894-1978). I andre kategoriar ligg høyrespel for barn, produsert for Barnas Lydavis, og nyare innslag frå dagens «Kabbmagasinet».

– Noko av stoffet har òg ein kyrkjehistorisk verdi. Men vi vil òg dela nytt og aktuelt stoff med dei som klikkar seg inn på kabb.no, seier Tangen.

Gratis tilbod
Kabb har ingen planar om å ta betalt for strømming av dei gamle lydfilene.

– Dette får vera ei takk til støttespelarane våre for all den hjelpa Kabb får. No kan dei sjølv ta del i noko av det dei har vore med å gje til blinde og svaksynte i Norge, seier Tangen.

Kommunikasjonsrådgjevaren legg til at han sjølvsagt vonar dette kan få fleire til å bidra til arbeidet til Kabb for synshemma. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Voss herad krev omregulering av eigedommen som Egill Danielsen Stiftelse ynskjer å leiga til ny kristen ungdomsskule. Dermed blir det truleg ikkje oppstart før hausten 2021.

Dei nyaste songane frå Hilde Svela har bibelvers som tekst. Dei skal gjøre Bibelen øyrevenleg for store og små, og gjerne for gamle som slit med å hugse og snakke.

Egill Danielsen Stiftelse har fått godkjent søknad om å starte kristen ungdomsskole på Voss.

– Halvparten skal komme gjennom økning i Fast Givertjeneste (FGS) og resten gjennom ulike «stunt» i løpet av året, sier Kenneth Foss, arrangements og markedsansvarlig i ImF.

Elevene på KVS Lyngdal har gode forretningsideer og er gode til å markedsføre dem. Det blir det priser av.

Copyright © Sambåndet 2020