Sambåndet

Søndag 23. februar 2020
RSS
VIKTIG BIBELKUNNSKAP: Forfatter av «Røff guide til Bibelen», Alf Kjetil Walgermo, tror bibelkunnskap særlig er viktig i debatten om kristne verdier som nå pågår. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

– Treng bibelkunnskap i debatt om kristne verdiar

Med den nye boka «Røff guide til Bibelen» ynskjer Alf Kjetil Walgermo å gje ein nyttig, overordna innføring i Bibelen både for kristne og ikkje-kristne.

Skrevet av Ingunn Marie Ruud, KPK den 5. september 2017.

Alf Kjetil Walgermo, som til dagleg er kulturredaktør i Vårt Land, fekk spørsmål frå Samlaget forlag om å skriva «Røff guide til Bibelen» for rundt fire år sidan. Sjølv hevdar forfattaren at han har drive research til boka i 33 år.

– Eg fekk den første bibelen min som 7-åring, sette straks i gang med å lesa og har lese Bibelen omtrent heile livet, seier Walgermo.

Forfattaren trur ikkje folk flest lenger har den grunnleggjande bibelkunnskapen som tidlegare var ein del av allmenndanninga.

– Eg såg behovet for ei bok som kunne fylla litt i dei hola mange har i bibelkunnskapen og gje eit lettlese, spennande totaloversyn over Bibelen, fortel Walgermo.

Òg for kristne
Kulturredaktøren trur òg mange kristne kan ha godt av å lesa boka.

– Eg trur ein ofte har ein tendens til å lesa ekstra godt nokon stadar i Bibelen, medan det er andre stadar ein ikkje har så godt oversyn over, seier Walgermo.

Han fortel at han har freista å skriva ei bok som femnar breitt med ei open tilnærming til tekstane.

– Eg ser for meg lesarar som ikkje naudsynlegvis har ei tru eller har lese mykje i Bibelen frå før – og som treng ein grunnintroduksjon. Samstundes har eg lært mykje nytt sjølv under arbeidet med boka og trur mange kristne som har lese ein del i Bibelen, òg kan læra noko nytt, seier Walgermo.

Debatt om kristne verdiar
– Ein må ikkje vera religiøs for å oppdaga at Bibelen har prega og enno pregar samfunnet vårt i stor grad ikkje minst i språk, kunst og kultur, seier Walgermo.

Han trur at i ei tid som no, der debatten går heftig om kristne verdiar, er det viktigare enn nokon gong at ein veit litt om kva som faktisk står i Bibelen.

– Uavhengig av om vi er truande eller ikkje, er bibelkunnskap eit vern mot splitting og frykt i samfunnet. Vi treng innsikt i Bibelen mot dei som ynskjer å ta patent på kristne verdiar og bruka dei til å skapa frykt og avstand mellom menneske, seier forfattaren.

Ljos i mørket
Walgermo fortel kort sagt at Bibelen handlar om ljos. Medan han arbeidde med boka opplevde han sjølv den mørkaste tida i liva sitt då dottera Tomine døydde i mors liv få dagar før termin.

– Det forsterka veldig det som er den sentrale bodskapen i Bibelen for meg – at livet er sterkare enn døden. At Jesus kjem til oss og seier at Guds rike høyrer borna til får ein ekstremt sterk betoning i det tragiske som skjedde oss, fortel han.

Å mista eit barn gjorde himmelhåpet endå meir viktig og Bibelen endå meir relevant for forfattaren.

– Det vert så verkeleg på eit anna vis. Eg kan ikkje tenkja meg noko anna enn at Tomine kviler i Gud sin famn og har det godt. Det er den sterke bodskapen i Bibelen at denne vona finst, seier Walgermo.

Ynskjer koran-versjon velkomen
På spørsmål om kva han tenkjer om ein tilsvarande røff guide til den heilage boka til muslimane, Koranen, stiller Walgermo seg positiv.

– Eg håpar at nokon skriv ei slik bok, for eg trur det er behov for innsikt i Koranen òg blant kristne, seier han, men legg til at den må nokon andre skriva.

– Den boka kan ikkje eg skriva, for eg kan ikkje nok. Eg er målgruppa for den boka og ser gjerne at nokon skriv den, avsluttar han. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Voss herad krev omregulering av eigedommen som Egill Danielsen Stiftelse ynskjer å leiga til ny kristen ungdomsskule. Dermed blir det truleg ikkje oppstart før hausten 2021.

Dei nyaste songane frå Hilde Svela har bibelvers som tekst. Dei skal gjøre Bibelen øyrevenleg for store og små, og gjerne for gamle som slit med å hugse og snakke.

Egill Danielsen Stiftelse har fått godkjent søknad om å starte kristen ungdomsskole på Voss.

– Halvparten skal komme gjennom økning i Fast Givertjeneste (FGS) og resten gjennom ulike «stunt» i løpet av året, sier Kenneth Foss, arrangements og markedsansvarlig i ImF.

Elevene på KVS Lyngdal har gode forretningsideer og er gode til å markedsføre dem. Det blir det priser av.

Copyright © Sambåndet 2020