Sambåndet

Onsdag 20. november 2019
RSS
Tiril, Elvira og Sondre. Foto: Petter Olsen

Sondre Orrestad skal leia Sogn og Fjordane

Styret for Sogn og Fjordane Indremisjon har tilsett Sondre Orrestad frå Sogndal som kretssekretær frå 15. august.

Skrevet av Petter Olsen den 3. juli 2017.

Sondre Orrestad er 28 år og oppvaksen på gard i Sogndalsdalen, i dalstroket ned mot Sogndal. Saman med kona Tiril Brude Orrestad, som òg er sogning, har han budd seks år i Bergen og arbeidd som lærar ved Danielsen ungdomsskole Osterøy.

Kall

– Planen har heile tida vore å flytta heim etter at kona mi var ferdig med utdanninga si. Ho fekk jobb først, og eg har heile tida tenkt at det ville ordna seg for meg òg. Me har brukt mykje tid i bøn til Gud om korleis han ville bruka oss i dette området, og når eg får kallsbrev frå indremisjonen, må eg kunne sjå på denne jobben som nettopp eit kall, seier Orrestad til sambåndet.no.

Han trur ikkje det at han er ung, vil vera noko hinder i jobben som kretssekretær. 

– Mange av dei eg kjem til å samarbeida med, vil vera eldre, og eg kan lytta til og læra av dei. Samstundes kan eg koma med nye tankar, peikar Orrestad på. Indremisjon er for alle, og det er bra at det kjem unge til, seier Orrestad.

Krevjande

Den nye kretssekretæren skal ta over leiinga av ein krets som har vore gjennom det kretsstyret i årsmeldinga beskriv som «eit krevjande år». Grunnen er at dagleg leiar, kresrådgjevar Trond Johansen, har vore sjuk. Ein periode hausten 2016 var han inne i 20-30 prosent stilling, men måtte gje seg 1. oktober og sa då opp stillinga.

Ved utgongen av 2016 hadde kretsen fem tilsette: Laila H. Storstrand, Runhild Øvreås, Linda Santistevan og Gudmund Furnes. Sistnemnde vart på årsmøtet 9.-11. juni valt til ny styreleiar for kretsen. Styreleiar fram til årsmøtet, Kai Lille-Homb, har i periodar vore tilsett i 20 prosent stilling.

Kontakt

«Eit godt spørsmål», innleiar Sondre Orrestad når sambåndet.no spør om kva inntrykk han har av kretsen før han startar i stillinga.

– Eg trur at kretsen framover vil vera viktig for å knyta kontaktar med forsamlingar og bedehusmiljø, og eg vil byggja den kontakten sterkare. Eg har forstått det slik at det har vore sakna, og det blir førsteprioritet.

Når han har fått kome i gong og sett seg litt inn i kva som har vore gjort tidlegare, vil han starta det kontaktskapande arbeidet, og då først i Indre Sogn. Ein viktig del av det å skapa kontakt blir òg å få i gong igjen kretsbladet Indremisjonsvarden og byggja ut tilbodet på nettsida til kretsen.

– Det blir viktig å vera synleg og tilgjengeleg med informasjon. Det er ein stor krets geografisk og mange folk, så det blir veldig spanande.

Menneske

Som lærar er Sondre Orrestad vant med å møta menneske.

– Eg elskar møte med menneske og kunne snakka både om livet og om praktiske oppgåver. Kontakt med menneske vil vera mitt sterkaste kort, seier Orrestad.

Han skal arbeida i 100 prosent stilling og trur ikkje at kombinasjonen av administrasjon og forkynning blir eit problem:

– Det blir ein balanse, ikkje minst òg når ein har familie. Kombinasjonen av å ha noko administrativt og konkret og det å få reisa rundt og forkynna evangeliet, trur eg blir kjemefin. Eg likar å sjå på meg sjøv som ei potet som kan brukast til mange ting, seier han.

Søkte ikkje

Jobben som kretssekretær i Sogn og Fjordane Indremisjon har vore utlyst fleire gonger, men styret var fann ikkje ein kandidat dei meinte var den rette til stillinga. På spørsmål fra sambåndet.no stadfestar Orrestad at han vart spurt om å ta jobben.

– Sjølv om eg ikkje søkte, visste eg at dei var på leit, og et stilte nokre spørsmål, seier Orrestad.

Sogndal eller Hafslo

Det er ikke heilt avklart kvar oppmøtestaden blir. Kretsen har hatt eit kontor i Sogndal.

– Men der hadde eg i tilfelle vorte sitjande åleine, og det ynskjer korkje eg eller styret. Så det blir anten på leirstaden Lyngmo i Hafslo eller saman med dei tilsette i Sogndal Indremisjon. Eg har eit stort nettverk i Sogndal, seier Orrestad.

Glad

Familien på tre, inkludert dottera på snart tre år, skal busetja seg i Sogndalsdalen fem kilometer utanfor sentrum, i et hus mellom husa til foreldra på begge sider. 

– Det blir kjempegodt å flytta heim og koma nærare familien, ikkje minst med tanke på den vesle jenta vår, seier Sondre Orrestad.

Styreleiar Gudmund Furnes er på reise i jobben som trailersjåfør og seier i ein kommentar at kretsstyret er særs glad for at Sondre Orrestad svara ja på kallsbrevet og at leitinga etter ny kretssekretær no er over.

Like før helga kunne ein annan krets som har vore på leit etter ny leiar, ImF Sør, melda om tilsetjing. Også ImF Midthordland og Nordmøre og Romsdal Indremisjon har tilsett ny kretsleiar, men her skjer ikke skiftet før om eit år. 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Konservative kristne har en tendens til å være mer opptatt av å frelse sjeler enn å delta i samfunnet, mener Ken Wytsma, grunnleggeren av Rettferdskonferansen.

Haldis Reigstad deler gjerne sine gaver med andre. Det har det blitt mange dikt av.

KOMMENTAR Kjell Ingolf Ropstads anførsel om at det kristne menneskesynet er under angrep, er reelt. Samtidig oppfatter jeg at profilerte politikere nå har fått problemer med tidligere uttalelser.

Heller ikke på den ekstraordinære generalforsamlingen ble det flertall for ny styreform for foreningen guttogjente.no.

GF Å legge ned kretsene i sin nåværende form og erstatte dem med noen få nettverksbyggende sentra. Det var et av forslagene da generalforsamlingen i ImF diskuterte den store saken om framtidig organisasjonsstruktur.

Copyright © Sambåndet 2019