Sambåndet

Fredag 18. oktober 2019
RSS
Kjell Furnes gjekk nyleg av som leiar for Magda Sæviks stiftelse etter 20 år som leiar. (Foto: Hjørdis Almelid Vikenes)

Stifting har gitt 13 millionar

Over ein periode på 20 år har har Magda Sæviks stiftelse fordelt over 13 millionar kroner på ulike lag og organisasjonar innom- og utanlands.

Skrevet av Hjørdis Almelid Vikenes den 24. mai 2017.

JOBB: Pastor Erhard Hermansen takka på vegner av Herøy frikyrkje for alt som gåvepengane frå Magda Sæviks stiftelse har betydd for barne- og ungdomsarbeidet deira i 20 år. Han har også personleg mykje å takke stiftinga for, då det var gåvemidlar som finansierte ungdomspastorstillinga han byrja i i 1998. (Foto: Hjørdis Almelid Vikenes)

HERØY: I oktober 1997 oppretta Liv og Per Sævik frå Herøy på Sunnmøre Magda Sæviks Stiftelse. Stiftinga fekk namn etter mora til Per. Formålet var ideelt, og styret for stiftinga skulle gje økonomisk støtte til kristent arbeid. I løpet av desse 20 åra har stiftinga fordelt over 13 millionar kroner til ulike lag og organisasjonar lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Kjell Furnes har vore leiar for stiftingsstyret sidan starten, og måndag 22. mai vart han takka av for den langvarige leiarinnsatsen sin i samband med ei tilstelling på hotellet i Fosnavågen (sjå kart). Per Sævik formidla at Havila Holding ettergjev eit lån dei tidlegare har gitt til stiftinga, slik at 20-årsgåva vert på 2,5 millionar kroner. Liv og Per Sævik takka Kjell Furnes for den gode innsatsen han har lagt ned for stiftinga, og gav gåver til både han og kona Anne Berit Furnes.

Statuttane

I statuttane for stiftinga er det spesifisert at 25 prosent av gåvepengane skal gå til evangelisk arbeid på Remøy bedehus og 25 prosent til Den evangelisk lutherske frikyrkja i Herøy. Verdiane skal gå til forkynnande verksemd og barne- og ungdomsarbeid. Resten, altså 50 prosent, skal styret fordele etter søknad, eller det skal gjevast til andre aktivitetar som etter styret si vurdering best kan imøtekomme stiftinga sitt formål.

– Grunnkapitalen ved opprettinga var på 50.000 kroner. I tillegg overførte stiftaren ved gåvedisposisjon 60.500 aksjar i Sævik Supply ASA. Samla gav dette verdiar på ca. 10 millionar til disposisjon. Seinare vart grunnkapitalen auka med 1,5 millionar kroner, altså til 1.550.000 kroner, fortel Kjell Furnes.

Styret for stiftinga har vore Liv Kruse Sævik, Remøy Indremisjon; Eldar Skeide, Herøy frikyrkje og Kjell Furnes, Sunnmøre Indremisjon. I 2000 kom Jostein Sætrenes inn i staden for Eldar Skeide, valt av frikyrkja. Det er Jostein Sætrenes som no tek over for Kjell Furnes som leiar i stiftinga.

Mandatet

Furnes seier at styret har tolka mandatet slik at pengane skal brukast til kristent evangelisk arbeid, særleg retta mot born og unge. I einskilde høve har styret også gjeve gåver til sosial-evangelisk arbeid, mellom anna til tiltak i austblokklanda. Elles har det også vorte gjeve pengar til heis, einskilde innreiingar, innkjøp av lydanlegg med meir, men ikkje direkte til husbygging.

– Den lengste perioden med å forvalte verdiane på vegner av styret har Sydvesttor AS hatt, og dei har utført eit godt arbeid for styret. Sigvald Skeide har vore ein god mann for oss. Tre privatskular på Sunnmøre har også fått formidla lån frå stiftinga, etter ekstramidlar som eigarane tilførte. Vi veit at dei pengane som stiftinga har delt ut, har vore til stor hjelp og oppmuntring til viktige oppgåver både i Norge og i andre land, understreka Furnes.

Giskemenn

Det vert ein sambygding av Kjell Furnes som går inn i styret etter han, nemleg Harry Valderhaug. Han er ordførar i Giske kommune. Harry som tidlegare berre har kjent til Magda Sævik stiftinga frå utsida som organisasjonsmann, synest det er kjekt å få kunne vere med i styret no.

– Eg har sett verknadene av gjevargleda frå stiftinga og alt det positive det medfører. Når lag og organisasjonar vert tilført gåvepengar, blomstrar både dugnadsånda og det frivillige arbeidet. Eg synest det er eit kjenneteikn på Sunnmøre dette med alt det frivillige arbeidet som vert drifta. Gåvepengane frå Magda Sæviks stiftelse løyser ut mykje dugnadsarbeid rundt om, og det synest eg er flott, seier Harry Valderhaug.

Takketalar

Per og Liv Sævik takka Kjell Furnes og kona hans Anne Berit Furnes for at han i 20 år har vore leiar for Magda Sæviks stiftelse. (Foto: Hjørdis Almelid Vikenes)

Krinsleiar Johan Halsne i Sunnmøre Indremisjon takka også Kjell Furnes for det arbeidet han har lagt ned i styret for Magda Sæviks stiftelse. Dei gåvene som stiftinga har delt ut, har gjeve positive ringverknader for mange. Han gav tre bøker til Anne Berit og Kjell Furnes – nemleg Edvard Hoem sine «utvandringsbøker til Amerika». Halsne meinte at å lese Hoem sine bøker kunne gje dei reiselyst.

Vidare takka pastor Erhard Hermansen for alt det Herøy frikyrkje hadde fått av gåvepengar i alle desse åra, og kor mykje det har betydd for dei i barne- og ungdomsarbeidet. Han fortalde også at det var gåvepengar frå stiftinga som var årsaka til at han fekk jobb i Herøy.

– Eg såg på lokal-tv frå Sunnmøre på Austlandet i 1997 at dei søkte etter ungdomspastor i Herøy. Dermed vart det slik at eg fekk jobb her i 1998, og sidan har eg vore her.

Store sko

Den nye styreleiaren i Magda Sæviks stiftelse, Jostein Sætrenes, vedgjekk at det var store sko som skulle fyllast, men at det ikkje er eit sololøp:

– Vi har gode folk med oss i arbeidet, og vi ynskjer å vidareføre arbeidet som Kjell har starta. Det ber vi om at vi skal klare.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Inspirert av den amerikanske tradisjonen Thanksgiving inviterer divisi til å takke for alt det gode Gud har gitt oss.

Landsmøtet i KrFU får seg denne helgen forelagt et endringsforslag som vil rive bort grunnlaget for de kristne friskolene. Vi forventer at landsmøtet avviser forslaget.

De leter etter en mann, men ingen supermann. Han skal være en skoleleder, men trenger ikke være tidligere skolemann. Og så må han trives med ungdommen.

Bildøy bibelskole har sikret inntekter som kommer fra utleie av tjenesteboliger til eksterne leietakere.

Torsdag sydde Rebekka Slettebø den fineste brudekjolen og vant med det Symesterskapet på NRK. Der har hun også fortalt om sin kristne tro.

Copyright © Sambåndet 2019