Sambåndet

Lørdag 28. november 2020
RSS
GITT BORT: Den lokale Nordmisjonsforeningen på Otta valgte å gi bort bedehuset sitt «Eben Eser» til den lokale babtistmenigheten for at Guds ord fremdeles kan forkynnes der. FOTO: Sel Baptistmenighet

Normisjon gav bedehus til baptistar

Baptistpastor meiner gåva frå Normisjon vitnar om svakare skiljelinjer mellom dei ulike konfesjonane i Kristen-Norge.

Skrevet av Ingunn Marie Ruud og Markus Plementas (KPK) den 15. november 2016.

Otta sentrum. Foto: Richard James Smith/Wikimedia Commons

Fakta

Baptisme

  • En kristen trosretning som har utgått fra protestantismen, som oppsto på 1600-tallet.
  • I dag finnes det rundt 110 millioner baptister i verden. Det Norske Baptistsamfunn har pr 1. januar 2014 registrert 10 283 medlemmer og 97 menigheter.
  • Det som særpreger baptismen, er personlig tro, synliggjort i «troende dåp» og frihet. Dette er en dåp med neddykking i vann – og oppstandelse derfra, altså en symbolsk begravelse – og oppstandelse, beskrevet i bl.a. Romerbrevet 6:3-12.
  • Baptistene mener at den som er kommet til tro på Guds Sønn, Jesus, er seg troen bevisst. De viser til at de første kristne, apostlene, hadde valgt å tro på Jesus av egen vilje. De hadde bekjent en personlig tro, altså tatt et standpunkt selv.
  • Av den grunn har baptistene forkastet barnedåpen, fordi den lille som døpes, ikke selv har gjort noe valg. Baptistene viser til at Bibelens dåpspraksis der det var voksne mennesker som i dåpen vitnet om og bekjente hvem de trodde på. Den som døpes, skal selv være bevisst sitt religiøse valg.

Kilde: Wikipedia

Otta ligg i Sel kommune i Oppland fylke nord i Gudbrandsdalen.

Det lokalet Normisjon-foreininga på Otta i Gudbrandsdalen valde å gi bort bedehuset sitt, «Eben Eser», til den lokale baptistkyrkjelyden for at Guds ord framleis kan forkynnast der.

Verdien på bedehuset skal liggje ein stad mellom 2 og 2,5 millionar kroner.

– Baptistkyrkja overtek berre lånet på 200.000 fordi Normisjon-foreininga vil at huset skal fortsetje som eit bedehus, og baptistane forkynner Guds ord, seier ein overlukkeleg Ulf Magne Løvdahl, pastor i Sel Baptistkyrkjelyd på Otta, til KPK

Lånet kyrkjelyden overtek utgjer dermed ikkje meir enn 10% av den antakelege verdien på eigedomen.

Økumenisk

Pastoren meiner gåva vitnar om svakare skiljelinjer mellom dei ulike konfeksjonane innanfor Kristen-Noreg.

– I tidlegare tider har det vore eit skarpare skilje. I oppvoksteren min var det helt utenkjeleg at ei så stor gåve kunne blitt gitt på tvers av kyrkjesamfunna. Det seier litt om den utviklinga som har vore. Vi ser at vi tilber den same frelser og Herre, og at det er viktigare enn noko anna, seier han.

Løvdahl opplevde sjølv som ungdom i Tvedestrand at styret på Indremisjons-bedehuset bestemde at han som baptist ikkje kunne bli med på møta deira. Frykta var at han kunne påverke dei andre ungdomane til å bli baptistar.

– Det fortel om ei tid som eg håper er forbi.  Det er i alle fall ikkje det som pregar Normisjon på Otta i Gudbrandsdalen.  Der har ein ei helt anna haldning, seier pastoren.

Lite aktivitet

Det har ikkje lukkast KPK å kome i kontakt med Normisjon-foreininga på Otta, men baptistpastoren fortel at Normisjon-foreininga ikkje har hatt så mykje aktivitet på bedehuset dei siste åra. Bedehuset har stort sett vore leigt ut og nytta som Frivilligsentral.

– Det har vore møter ein gong i blant, men ikkje noko fast arbeid.  For ei tid tilbake blei baptistane i byen bedne om å kome til eit møte med Normisjon.  Der fekk vi eit tilbod frå dei lutherske vennene om å overta bedehuset om vi berre ville betale det som var i lån på eigedomen, fortel Løvdahl.

– Ikkje uproblematisk

Medie- og marknadssjef i Normisjon, Ole Martin Rudstaden, seier til KPK at det er veldig gledeleg at baptistkyrkjelyden på Otta har fått eit lokale å vere i.

Samtidig er det ikkje helt uproblematisk for oss at eigedom blir gitt bort, men vi håper og trur at dette blir til velsigning for Otta, seier Rudstaden til KPK

Han ønskjer ikkje å gå nærmare inn på denne problematikken, men seier at den generelle opplevinga i Normisjon er at det er veldig stor variasjon frå stad til stad kor godt gjestinga ei foreining er.

– Det er ei kjend sak at foreiningar blir lagde ned og bedehus blir selt, men det er samtidig mange, mange eksempel på foreiningar og fellesskap som når breitt ut i nærmiljøet sitt, seier han.

Trengde meir plass

Baptistkyrkja på Otta har over tid sett behovet for meir plass og har hatt ulike tankar og idéar omkring dette.

– Vi tenkte på å byggje om den kyrkja vi hadde, og kanskje byggje leilegheiter over møtelokalet for å finansiere prosjektet.  Det har vore fleire tankar, men ein har ikkje kome vidare med dette, fortel Løvdahl.

Økonomien for den vesle baptistkyrkja som tel rundt 40 døypte medlemer i tillegg til barn og unge. har heller ikkje vore så sterk at ein kunne kjøpe eller byggje noko nytt.

– Gleda var derfor stor då Normisjon baug kyrkjelyden til å overta lokalet deira, som rommar dobbelt så mange menneske i salen og har fleire andre rom til arbeidet til kyrkjelyden, seier Ulf Magne Løvdahl. KPK

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

ImF Rogaland har startet en aksjon på Facebook hvor de oppfordrer folk til å invitere eller gå på besøk til en familie eller enkeltpersoner i løpet av desember.

Økt ensomhet blant studentene samtidig som akademiske resultater forbedret seg. Det er to stikkord for hvordan pandemien så langt har påvirket fire kristne høgskoler.

Møre ungdomsskule har utvidet og skiftet navn til Møre barne- og ungdomsskule Ålesund. Avdelingsleder for det nye barnetrinnet er fornøyd med åpningen.

Nordmøre og Romsdal Indremisjon har tilpasset seg de nye koronarestriksjonene og endret navn og innhold på den årlige julemessa.

ImF Sunnmøres årlige arrangement «Stjernedryss i advent» blir litt annerledes i år. I stedet for å samles fysisk kan man samles foran skjermen hjemme i stua.

Copyright © Sambåndet 2020