Sambåndet

Lørdag 6. juni 2020
RSS
Rolf Kjøde i kapellet på NLØA. Foto: Vilhelm Viksøy

Nettverk i støypeskeia

Representantar for organisasjonane bak Evangelisk luthersk nettverk (ELN) har vore samla for å samtala om framtida for nettverket.

Skrevet av Petter Olsen den 30. september 2016.

7. september sette ei rekkje personar seg saman i Oslo. I tre og ein halv time drøfta dei kva ELN skal vera framover.

– Styringsgruppa for ELN skal samlast i løpet av oktober for å oppsummera signala som kom, seier leiar for styringsgruppa, Rolf Kjøde, til Sambåndet.

Tillit til Bibelen

Indremisjonsforbundet (ImF) er ein av organisasjonane som er med i ELN. På eiga nettside definerer ELN seg slik: «består av organisasjoner og kirker som bygger lokale fellesskap på evangelisk luthersk grunn. Vi samles på en plattform av tillit til Bibelen som Guds åpenbarte og pålitelige ord til oss under forpliktelse av alt den fastholder om kristen tro og kristent liv.»

– På møtet drøfta vi kva det er viktig å leggja vekt på, og kva som ikkje er så viktig. Det var relativt unge leiarar i samanhengen vår som var med på møtet, seier Kjøde.

Luthersk

Sjølv fanga han opp tre signal frå møtet. Han presiserer at andre i styringsgruppa kan ha oppfatta andre ting.

– Det første signalet eg oppfatta, er at om ELN skal ha ein verdi, er det viktig at det er eit evangelisk luthersk nettverk. Det evangelikale aspektet er dekka inn òg av andre plattfomer, så som til dømes Norme (Norsk råd for misjon og evangelisering). ELN kan vera ei plattform der lutherske leiarar kan samlast, seier Kjøde.

Det andre signalet leiaren for styringsgruppa fanga opp, er at om ELN skal ha ein verdi, må det leggjast vekt på å drøfta teologiske spørsmål.

– Vi vil jobba med teologi retta mot tenesta, utdjupar Kjøde.

Det tredje signalet slik Rolf Kjøde oppfatta det, er at det kan liggja ein verdi i å få opp regionale grupper av prestar, organisasjonsleiarar og andre leiarar.

Prestemøte

Som kjend skreiv 276 ordinerte prestar i Den norske kyrkja (Dnk) i vår under på ei erklæring om den kyrkjelege situasjonen. Erklæringa peikar på at det etter Kyrkjemøtet eksisterer to lærer som ikkje kan sameinast, i Dnk om ekteskap og familie. Rolf Kjøde er koordinator for denne gruppa, som kom i stand uavhengig av ELN.

– Ei gruppe av desse prestane skal møtas i løpet av hausten. Me vil òg ta med oss signal frå det møtet inn i oppsummeringa om kva ELN skal vera framover, seier Kjøde.

I vedtektene for ELN heiter det at nettverket «vil ved behov legge til rette for pastoral oppfølging». I januar i år sa Rolf Kjøde til Sambåndet at «vi ønskjer å gi prestar oppleving av å ha eit nettverk i ryggen, og hausten 2015 var det ein god del prestar som fann det interessant å ta kontakt med oss».

Ein annan ting det er aktuelt å snakke om når det gjeld ELN, er korleis nettverket skal vera organisert og leia.

– Skal det til dømes vera toppleiarar eller litt meir operative tilsette, utdjupar Kjøde.

Reformasjonen

Til neste år er det 500-årsjubileum for reformasjonen. Sambåndet er kjend med at det er på tale å markera dette i ELN-regi. Ikkje som ein protest mot utviklinga i Dnk, men som ei vedkjenning av kva for verdiar reformasjonen førte med seg.

– Eg kan stadfesta at det har vore nemnd, men det er ikkje bestemt noko enno, seier leiar i styringsgruppa for Evangelisk luthersk nettverk, Rolf Kjøde.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Journalistutdanninga ved NLA Høgskolen i Kristiansand har fått godkjent søknader for økonomisk stønad til utvekslingsprosjekt med Georgia og Albania.

Krik har lagt seg på en linje som vil svekke organisasjonens evne til å gi tydelig og god veiledning i sentrale temaer, mener ImF og NLM.

Det er ikke økonomisk grunnlag for å starte byggingen. Prosjektgruppen foreslår derfor rehabilitering av dagens bygg når årsmøtet samles 22. august.

KOMMENTAR Kan man holde fast på at Jesus er eneste vei til frelse – og samtidig tro at frelsen også kan gis til dem som aldri fikk høre evangeliet og derfor ikke kunne komme til tro?

ImF Rogalands leirsted skal ikke bare være et sted for leirarbeid. Nå jobbes det for at det også skal bli et sted for stillhet, samtale, refleksjon og bønn.

Copyright © Sambåndet 2020