Bygger ny barnehage

Daggry barnehage på Valderøy kjem i nytt bygg på ny tomt. Eigar er Sunnmøre Indremisjon.

Arbeidet med å grava ut tomta starta 29. august. Den ligg like ved den nye barneskulen sentralt plassert på øya i Giske kommune på Sunnmøre.

Noverande Daggry barnehage vart starta i april 1978. Barnehagen er eigd og vert driven av Sunnmøre Indremisjon med utvida kristen føremålsparagraf.

– I noverande barnehage har vi for lite areal, og bygningane er til dels gamle og nedslitne. Denne barnehagen er seld til Giske kommune, og vi har fått kjøpe tomt til den nye barnehagen av kommunen, uttalar styreleiar for barnehagen, Karl Arne Austnes, i ei pressemelding.

Ny barnehage er godkjent med fire avdelingar, ei meir enn den gamle. Giske kommune er ei kommune i vekst, og det er behov for auka kapasitet i barnehagesektoren, går det fram av pressemeldinga.

Ny barnehage er kostnadsrekna til om lag 26 millionar kr inkludert tomt. Den er teikna og prosjektert av Moldskred AS. Byggelån er gjeve av Sparebanken Sør og pantelån i Husbanken.

9. september blir det eit treff på den nye tomta der representantar frå pressa får møta born, personale og leiing ved barnehagen og representant frå eigaren, Sunnmøre Indremisjon.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.