Mellom fridom og folkeskikk

Eg vil våga den påstand at ingen av oss i vårt daglegliv praktiserer total ytringsfridom. Folkeskikken gjer at me ofte legg band på oss, skriv Tom Hetland.

Striden om Muhammed-karikaturane i 2006 var ei av dei viktigaste og vanskelegaste sakene eg måtte handtera i mi tid som sjefredaktør i Stavanger Aftenblad. Og ennå er me ikkje ferdige med dei problemstillingar og dilemma striden reiste. Dei er snarare blitt uhyggeleg meir aktuelle.

Derfor las eg med interesse Vebjørn Selbekks bok «Fryktens makt», og nettmøtet med Selbekk og Øyvind Aadland på sambåndet.no 20. januar.

Eg har stor respekt for dei påkjenningane Selbekk opplevde etter publiseringa av Muhammed-karikaturane i januar 2006. Me andre, som hadde trykt karikaturane utan reaksjonar nokre månader tidlegare, burde i den mest intense fasen gjort meir for at han ikkje skulle bli ståande så aleine, sjølv om i alle fall nokre av oss var tydelege på at han var i sin fulle rett til å publisera dei.

Eg følgjer også Selbekk i hans vide fortolking av ytringsfridommen i dag, inkludert Holocaust-fornekting. Då snakkar me vel å merka om ytringsfridom i juridisk forstand. Terskelen for at rettsvesenet skal gripa inn mot ytringar må vera svært høg. Og samfunnet må gripa resolutt inn mot alle som prøver å stansa ytringar med vald. Om dette opplever eg at det er stor semje.

Men så kjem neste spørsmål: Kva vil me faktisk bruka ytringsfridommen vår til?

Eg kjenner meg trygg på at verken Vebjørn Selbekk eller eg har noko ønske om å kolportera Holocaust-fornekting. Me vil gjerne at dei ytringane me står som avsendar for, skal reflektera eit verdisyn og ha ei form me kan stå inne for, og me ønskjer at dei skal bli oppfatta slik av mottakaren.

Eg vil våga den påstand at ingen av oss i vårt daglegliv praktiserer total ytringsfridom. Då ville me gått rundt som ekstremvariantar av Saga Norén i «Broen» alle saman. Folkeskikken gjer at me ofte legg band på oss. Eg kan meina at naboen er ein dritsekk, men eg går ikkje nødvendigvis bort til han og fortel det. Eg kan meina at forbodet mot å eta svinekjøt i jødedommen og islam er noko tull, men eg serverer ikkje svinekotelettar når eg har jødar og muslimar på besøk. Eg går heller ikkje i badebukse frå stranda og rett inn i ei gresk kyrkje. Det har ingen ting med feigskap å gjera, det handlar om respekt mellom menneske med ulik kultur.

Det betyr ikkje at me alltid skal føya oss. Nokre verdiar er så viktige at det er nødvendig å krenka andre for å stå fast ved dei. Dersom maktpersonar misbruker religion og kultur for eigne føremål, er det særleg grunn til å vera uærbødig.

Men når slår me oppover, og når slår me nedover? Forsvararane av ein grenselaus rett til religiøs satire synest å meina at me kan trekkja ei klar grense mellom krenking av religion og krenking av enkeltmenneske. Eg trur ikkje det er så enkelt. For ein muslim i ein europeisk storby som kvar dag opplever å bli krenka og avvist, for eksempel når han søkjer arbeid eller hybel, berre fordi han heiter Muhammed eller Ali, er det neppe lett å forstå at muslimkritiske karikaturar berre gjeld religionen, og ikkje har noko med han å gjera. Den typen tenking fell meir naturleg for oss i Vesten, der fellesskapsidentitetane gradvis er blitt svakare.

Øyvind Aadland legg vekt på korleis ytringar blir oppfatta. Han har eit poeng. I det grenselause, globaliserte informasjonssamfunnet kan ytringar spreiast verda over på brøkdelen av eit sekund. Kulturane endrar seg derimot ikkje så raskt. Ytringane kan derfor oppfattast og fortolkast innanfor ein heilt annan kontekst enn den avsendaren er i. Og me har små sjansar til å føra ein dialog. Under Muhammed-striden opplevde mange av oss det som eit stort dilemma. Me kunne snakka fornuftig med lokale muslimar, men ikkje med opphissa flaggbrennarar i Teheran og Damaskus.

Den som vil overtyda eit anna menneske, må møta det der det er, seier Søren Kierkegaard. Store delar av den muslimske verda er i dag eit katastrofelandskap der diktatur og fundamentalisme produserer nye flyktningar kvar dag. For å koma ut av stagnasjonen krevst reformer og ei mindre dominerande rolle for religionen. Men endringane må vera muslimars eige verk. Press og respektlaus hån frå Vesten hjelper dessverre ikkje dei moderate, reformvennlege kreftene.

Tom Hetland, politisk kommentator og tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad

5 replies
  1. Arvid Berentsen says:

    Mye av det Tom Hetland skriver her, er selvfølgelig klokt og velbegrunnet. Ytringsfrihet er imidlertid først og fremst et juridisk begrep. Kommentatoren distanserer seg fra «forsvararane av ein grenselaus rett til religiøs satire». Heldigvis er denne retten tilnærmet grenseløs i Europa. Mens EMD tidligere til en viss grad aksepterte at stater grep inn mot ytringer som såret folks religiøse følelser, anses dette spørsmålet ikke lenger særlig relevant. I nyere rettspraksis om religionskritikk spør EMD seg om ytringen hindrer noens rett til å praktisere og (offentlig) manifestere sin religiøse tro. Ytringer som ikke hindrer noens religionsfrihet, skal heller ikke forbys. Jeg er heller ikke helt enig med kommentatoren i at Øyvind Aadland har et poeng når sistnevnte vektlegger hvordan en ytring oppfattes av mottakeren. Konsekvensen av et slikt standpunkt er at den som føler seg krenket, selv skal få bestemme om en ytring er lovlig eller ikke. Jeg er uenig i at man skal gi den som føler seg krenket, en slik definisjonsmakt. Hva som skal og bør tåles, bør snarere fastsettes av organer som Europarådet og FN, og utmeisles på detaljnivå av organene som er satt til å håndheve Den europeiske menneskerettighetskonvensjon (EMK) og FNs konvensjon om sivile og politiske rettigheter (SP).

    Svar
  2. Arvid Berentsen says:

    Jeg er enig med Harald i at Dessingue sier mye klokt i denne interessante artikkelen. At spørsmålene om (1) ytringsfriheten og dens grenser og (2) hvordan vi bør leve sammen i et pluralistisk samfunn, er to spørsmål som må holdes adskilt er jeg veldig enig i. Dessingue tilhører imidlertid kanskje en ekstremt sekulær tradisjon m.t.p. religion og religionsfrihet. Å hevde at religion ikke har noe i offentligheten å gjøre, er en tolkning av religionsfriheten som ikke stemmer overens med EMDs forståelse av religionsfrihet – og som dessuten blir feil i et ytringsfrihetsperspektiv. Religionsfriheten inkluderer, slik EMD fortolker den, en rett til (også offentlig) å manifestere sin religiøse tro. Standpunkter som går ut på at alle religion skal bort fra det offentlige rom, er veldig sekulære, muligens veldig «franske» og til en viss grad kanskje politisk korrekte i Norge i dag. Men slike standpunkter er ikke helt i tråd med EMK slik EMD tolker konvensjonen.

    Svar
  3. Harald Maaland says:

    Jeg har sans for den franske tradisjonen, men fullt så sekulært blir nok aldri Norge. Vi bør tåle religiøse ytringer i det offentlige rom, men det er vel med dette som med mye annet: alt med måte! Eller som en venn av meg erklærte på russekortet i sin tid: «Måtehold i alt, også i dyd!»

    Svar
  4. Arvid Berentsen says:

    Utgangspunktet er naturligvis at det gjelder ytringsfrihet også for religiøse ytringer. Men EMD har godtatt noen begrensninger, de mest kjente sakene er kanskje Dhalab v. Sveits og Sahin v. Tyrkia, begge saker hvor hijabforbud ble godtatt.

    Svar

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar til Harald Maaland Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.