Sambåndet

Lørdag 6. juni 2020
RSS
SEMINAR: Førstelektor Egil Morland ved NLA Høgskolen innleia om kyrkja sin einskap. FOTO: PETTER OLSEN

– Konservative er svekka

Egil Morland ved NLA Høgskolen meiner den konservative sida i norsk kristenliv har vore offer for oppsplitting og avskaling sidan 90-talet.

Skrevet av Petter Olsen den 2. januar 2015.

Seminaret var i regi av Evangelisk luthersk nettverk og gjekk føre seg på NLA Høgskolen i Sandviken i Bergen.

Det var i eit foredrag på NLA Høgskolen 12. november at førstelektoren og presten var inne på dette. Sambåndet trykkjer foredraget i spalta Til tro i papirutgåva. Første del sto i desember, og dei to neste kjem i januar og februar. Det aktuelle utdraget lyder slik:

«Min eigen påstand er at vi dei siste 20 åra har vore vitne til ei oppsplitting, ei avskaling og forvitring på det som upresist vert kalla konservativt hald, som er utan sidestykke. Det må vera eit Guds under at vi enno i dag, i 2014, nok ein gong har høve til å påverka og for ei tid avgjera kursen vidare for Den norske kyrkja.»

Kirkens grunn. Sambåndet bad Morland om døme på kva han meiner med dette. Det første han nemner, er Samråd på Kirkens Grunn (SKG), eit forum som blei stifta i 1992 med mål om å få Den norske kyrkja (Dnk) til å gå i meir konservativ retning. Morland var i presteteneste på denne tida, men sjølv ikkje med i dette forumet.

– SKG var eit forsøk på å halda dei låg- og høgkyrkjelege saman i eit fellesskap, men det sprakk. Det førte til at fleire prestar vart heimlause i Dnk, og mange konverterte til katolisismen eller melde seg inn i Den nordisk-katolske kyrkja, seier Morland.

SKG vart beslutta nedlagd i 2002, og dei 250 medlemmene vart oppmoda om å engasjera seg i kyrkjesamfunn utanfor Dnk.

Rektorstriden. Egil Morland meiner òg at rektorstriden på Bildøy bibelskole mot slutten av 1990-åra høyrer med i denne samanhengen.
– Striden førte til at det sterke miljøet på Bildøy vart svekka, og at ein del folk vart heimlause i høve til skulen, meiner Egil Morland.

Dagen. Prosessen i samanheng med at avisa Dagen fusjonerte med Magazinet er eit tredje moment førstelektoren trekkjer fram.

– Striden i Dagen er òg eit døme på at folk som skulle ha stått saman, sto mot kvarandre. Men heldigvis tok dei namnet på avisa tilbake, og dette er kanskje den striden som har enda best, seier Morland.

Generelt meiner han at dei konservative miljøa i norsk kyrkje- og kristenliv «har hatt ei evne til å øydeleggja for seg sjølv».

– Ein kan mest samanlikna det med marxist-/leninist-rørsla på 1970-talet, seier Morland.

Avskaling. Som døme på avskaling nemner han etablering av ulike trussamfunn der ein ikkje berre samlast, men òg melder seg ut av Dnk.

– Når ein har vendt kyrkja ryggen, må ein spørja seg om ein har eit samfunn å vera ein del av som tek vare på alt det som må vera til stades for at det skal vera ei sann kyrkje, seier Morland.

Han viser til dåp, nattverd og truvedkjenning som døme.

– Avskalinga skapar ein fare for at ein i det nye riv ned veggar og tak som held bygget oppe teologisk sett. Spørsmålet er då om det nye er sterkt nok, seier Morland.

Breidde. Egil Morland peikar på at så lenge ein blir verande i Dnk, kan ein nyta godt av at kyrkja tek hand om breiddekontakten med folket gjennom til dømes dåp og konfirmantundervisning.

– Då kan ein leva som ei vekkingsrørsle. Men dersom ein melder seg ut, korleis vil ein då løysa utfordringane med breiddekontakt og å halda oppe kulturen i folket? To hus som står tett i tett, har i alle fall ein felles vegg, seier Morland.

Lekfolket. I Dagen 4. juli i år er sokneprest Runo Lilleaasen inne på tilhøvet mellom Dnk og dei lutherske organisasjonane. Han har bakgrunn frå det som no er Normisjon og kjenner misjonsnorge. Lilleaasen er usikker på om bedehus rundt om i landet er førebudd om det kjem liberale prestar til bygda:

– Det skal ikkje mykje til før ein ser at det myndige lekfolket ikkje er så myndig som ein kunne ynskje. Det uroar meg, seier Lilleaasen.

Egil Morland kjenner på den same uroa:

– Når ein har varmt hjarte, er det òg viktig å halda hovudet kaldt. Folk kan bli grepne av stemning og symboltale og ikkje oppdaga at teologien bak det heile, ikkje er så god. Det miljøet ein er i, kan føra til at ein mister dømekrafta, seier førstelektor Egil Morland ved NLA Høgskolen.

 

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Journalistutdanninga ved NLA Høgskolen i Kristiansand har fått godkjent søknader for økonomisk stønad til utvekslingsprosjekt med Georgia og Albania.

Krik har lagt seg på en linje som vil svekke organisasjonens evne til å gi tydelig og god veiledning i sentrale temaer, mener ImF og NLM.

Det er ikke økonomisk grunnlag for å starte byggingen. Prosjektgruppen foreslår derfor rehabilitering av dagens bygg når årsmøtet samles 22. august.

KOMMENTAR Kan man holde fast på at Jesus er eneste vei til frelse – og samtidig tro at frelsen også kan gis til dem som aldri fikk høre evangeliet og derfor ikke kunne komme til tro?

ImF Rogalands leirsted skal ikke bare være et sted for leirarbeid. Nå jobbes det for at det også skal bli et sted for stillhet, samtale, refleksjon og bønn.

Copyright © Sambåndet 2020