Sambåndet

Mandag 28. september 2020
RSS
Biletet er frå ei badestrand i Israel. FOTO: SHUTTERSTOCK

Si-Reiser vil òg ha familiar på tur

Den kristne turoperatøren Si-Reiser vil nå nye målgrupper og introdusera nye temareiser.

Skrevet av John Ingve Olsen den 28. desember 2013.

Fakta

Si-Reiser

  • Går tilbake til 1979, då Sunnmøre Indremisjon arrangerte ein busstur til Danmark
  • I 1986 vart det danna eit aksjeselskap med Sunnmøre Indremisjon som eineeigar
  • Midt på nittitalet kom Indremisjonsselskapet (nå Normisjon) og Indremisjonsforbundet med på eigarsida
  • 9 tilsette i 7,5 årsverk.

Aud Kindervåg Halsne er tilsett som ny daglig leiar i Si-Reiser. Sambåndet har spurt henne om kva tankar ho har for å utvikla reiseselskapet.

– I eit intervju med avisa Norge Idag sa du at du òg ønskjer å nå nye grupper, til dømes familien. Korleis vil du gjera det?

– Eg tenkjer at det går an å laga turar for eksempel til Euro Disney i Paris. Ein kan ha eit opplegg for barn samtidig som ein har eit anna opplegg for foreldra, og så har dei masse felles i tillegg. Då blir det meir sånn som når me er på familieleir. Det er ikkje noko som me har begynt å arbeida med, men eg tenkjer at det må vera viktig å inkludera gruppa unge familiar i Si-Reiser. Målet må då vera både å vera på tur og å dela Bibelen i lag både liten og stor.

Betre råd.
– Tidlegare har SI-Reiser meint at deira konsept var for dyrt for småbarnsfamiliar. Kva tenkjer du om det?

– Eg tenkjer at mange småbarnsfamiliar har ein annan økonomi i dag enn denne gruppa hadde då Si-Reiser starta. Då Si-Reiser kom på banen, var det nesten ingen som reiste til utlandet, fordi det var ikkje så god økonomi blant folk flest. I dag er inntektsnivået mykje høgare. Eg tenkjer ikkje at dei først og fremst skal ha billigare turar, men at mange ønskjer å betala for kvalitet i dag. Viss dei får det dei er ute etter, så kan det vera at dei satsar på det. Då må innhaldet i turen vera så bra at det er noko dei synest er attraktivt.

Ungdomstur.
– Du har alt nemnt Euro Disney. Kva for andre reisemål tenkjer du på til denne gruppa?

– Eg tenkjer at bibelferien i Syden òg er veldig aktuell. At ein kan satsa på eit differensiert arrangement der barn har sitt opplegg i lag med nokon som er flinke med det, og der dei vaksne har si undervisning eller sine møter. Og så at ein tidleg på kveldane har meir felles opplegg. Eg kan nemna at Si-Reiser hadde ein vellukka familietur til Israel i år, og vi vil satsa på dette konseptet vidare.

– Er det andre nye grupper enn familien du vil nå?

– Eg tenkjer at me òg må satsa på ungdommane med Israelsturar, for eksempel. Eg har òg tenkt at det kan vera tilbod om fotball- og handleturar. Eg veit at òg kristne likar fotball, så kvifor skal det ikkje vera tilbod om det?

Rekreasjon.
– Du seier at du kan tenkja deg nye tilbod innan temareiser, kva tenkjer du på då?

– Eg kunne tenkt meg å ha brukt for eksempel ein veiledar eller terapeut som kan ha tema om det gode liv. Det er mange i dag som er utbrent og nedkjørt og som treng å læra seg å prioritera på best mogleg måte. Ikkje terapi, me skal ikkje gå inn på noko som ikkje er vårt felt, men dersom folk treng råd på dette området, kan me kanskje tilby rekreasjonsturar. Ein kristen vinkling på korleis ein tar vare på seg sjølv i denne travle og krevande tida.

– Eg har òg tenkt at det er ganske mange einsame folk som kvir seg for å reisa på tur fordi dei ikkje veit kven dei skal reisa med og er åleine i livet, anten det er vald eller ufrivillig. Det er ikkje turar der det er meint å spleisa nokon, men turar for dei som lever åleine. Du skal ikkje sitja å eta middag åleine på kveldane, du skal ha nokon å gå ut med. Når du reiser på ein kristen ferietur, meiner eg det er reiseleiaren si plikt å leggja til rette for at at ein slepp å sitja åleine.

Aud Kindervåg Halsne startar etter planen i den nye jobben i februar.

Ingen kommentarer »

Skriv en kommentar

Kjetil Vestel Haga vokste opp med dei lyse sidene av bedehuskulturen. Han elskar sjøen og er kaptein på eigen båt. No skal sørlendingen navigere Normisjon-skuta.

Komponist Else Olsen S. blander eksperimentell samtidsmusikk og bedehusmusikk for å gi publikum fragmenter av minner, smaker og fremtidshåp

Lars Dale (58) fra Fredrikstad er ansatt som administrasjonsleder i Awana Norge.

Etter et tiår med frivillig kontingent og tilhørende inntektssvikt, har ImF-styret nå bestemt at Sambåndet skal bli et ordinært abonnementsprodukt.

Dei etterspurde video-snuttane frå The Bible Project er sett av millionar. No kjem dei på norsk, med økonomisk støtte frå mellom andre indremisjonsfamilien.

Copyright © Sambåndet 2020