55+ på Bildøy i juni

Fjorårets nysatsing med Bibel og fellesskap fortsetter også i 2012.

«Gi akt på Jesus» er tema når Indremisjonsforbundet inviterer til ein ny runde med Bibel og Fellsskap 55 + på Bildøy fyrste veka i juni. Fjorårets omlegging frå det gamle Landseldrestemnet held dermed fram også i år.

– Responsen me fekk i fjor, gjer at me vel å halda fram også dette året, seier generalsekretær Erik Furnes.

Det beste av alt
Konseptet Bibel og fellesskap 55+ er eit ynskje om å ta vare på det beste i tidlegare landseldrestemne, samtidig som det gis rom for fornying. Bibel og fellesskap seier noko om det vesentlige i programmet. 55+ seier at her er både yngre og eldre pensjonistar velkomne. Men ikkje berre pensjonistar, i følgje programheftet:

– Alle i alderen 55+ som kan ta seg fri desse dagane, er varmt velkomne.

Kjende andlet
I leiarteamet finn ein også dette året Audun Myksvoll, diakoniarbeidar i Bergens Indremisjon. Frå bibelskulen stiller Arnfinn Norheim og Edvard Foss, og begge har i tillegg med seg konene, Britt og Bente, i vertskapet. Frå Voss kjem Marit og Per Helleve, der begge har vore med som leiarar før. Lengst reiseveg har Martha og Jens Tveit frå Ølen, begge nye på 55 +, men godt kjend frå arbeidet til Indremisjonssamskipnaden.

Sentralt tema
Bibeltimane dette året vert delt mellom Erik Furnes og Edvard Foss. Tema «Gi akt på Jesus» er henta frå Hebrearbrevet 12,3 «Ja, gi akt på han som heldt ut slik motseiing frå syndarar, så de ikkje skal verta trøytte i sjelene dykkar og verta motlause.»

– Det er eit herleg fokus som kan fyllas oss med mot og kraft på van­dringa, seier Furnes, som ynskjer både gamle og nye deltakarar velkomne til Bildøy i juni.

– Alt ligg vel til rette for gode dagar på Bildøy, og vi ønskjer varmt velkomen til deg som kjem for første gong, og deg som kjem igjen og igjen. Vi gled oss til å møta nettopp deg.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.