Framleis underskot

 FRAMLEIS RAUDT: Karl Johan Hallaråker er glad for den spontane støtta som kom like før jul. Nå håpar han at engasjementet vil halda fram også i det nye året. FOTO: SAMBÅNDET/ARKIV Av Vilhelm Viksøy – Eg er glad for den spontane aksjonen vi fekk i desember. Eg takkar alle som bidrog. Nå kom det seint […]

  
FRAMLEIS RAUDT: Karl Johan Hallaråker er glad for den spontane støtta som kom like før jul. Nå håpar han at engasjementet vil halda fram også i det nye året. FOTO: SAMBÅNDET/ARKIV

Av Vilhelm Viksøy

– Eg er glad for den spontane aksjonen vi fekk i desember. Eg takkar alle som bidrog. Nå kom det seint opp mot jul, så eg har god tru på at det vil halda fram og gjerne auka i styrke på nyåret. Eg trur fleire og fleire får augo opp for at skal vi halda oppe eit sterkt misjonsarbeidet i og frå Norge, må Indremisjonen tilførast meir midlar, seier generalsekretær Karl Johan Hallaråker.

Inga auke
Rekneskapsrapporten for utgangen av november syner at han framleis har misjonsfolket med seg. Gjevartala er så godt som identisk med fjoråret, men noko bak budsjettet som la opp til ei auke. Hallaråker skulle gjerne sett at dette faste talet var høgare.
– Eg er glad for at gåvenivået generelt held seg, men eg har i fleire år sagt at skal vi halda oppe det nivået som misjonsfolket forventar med forkynning og rådgjeving, skulle vi helst ha flytta gåvene ein million opp, seier han.

Trongt budsjett
I desse dagar arbeidar han hardt med å få tala i balanse for året som nett har starta. Det fyrste forsøket viste som kjent eit underskot på over 2 millionar. No er tala kraftig justert.
 – Vi har komme ned i ein million i minus. Då har vi barbert bort så godt som alt som ikkje er bunde opp. Skal vi enno meir ned vil det i hovudsak måtta ramma mediesida så langt eg kan sjå.

Forbundsstyret godtok minustala, for andre året på rad, men med ei klar oppmoding om å arbeida hardt for å gjera tala best mogleg i løpet av året.

Trusbudsjett
– Det er jo noko underleg med trusbudsjett og misjonsrekneskap. Gjennom smerte kjem ein oftast til siger. Vi kan ikkje gå med store minus over mange år. Men eg er sikker på at med god støtte frå misjonsvennene og stram styring av økonomien skal vi driva forsvarleg.

– Kor mykje fokus tek dette frå anna arbeid?
Det er klart at med dei opne dørene som vi opplever og moglegheitene til å tilsetja fleire forkynnarar og vera i aktiv utadretta teneste, skulle eg gjerne sett at vi slapp bruka så mykje tid på økonomien. Men eg klagar ikkje. Vi har dyktige medarbeidarar som tek seg mykje av dette.

  

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.